Knut Spangelo Haga var kaptein mot Brann 2, då Marius Mikkelsen var ute med sjukdom.
Knut Spangelo Haga var kaptein mot Brann 2, då Marius Mikkelsen var ute med sjukdom.

Eitt mål var nok - igjen

Var Os heldige som møtte eit Brann 2 blotta for store A-lags-namn? Knut Spangelo Haga meiner det er to måtar å sjå det på.

Skåringa frå Rafael Villen få minutt før pause var nok til å sikra Os tre poeng mot eit Brann 2-lag med mange juniorar på Kuventræ søndag.

– Det var ein spanande kamp. Det var jamt i førsteomgang, men vi fekk eit mål rett før kvilen då Rafael sette ballen i mål frå rett utanfor 16-meteren, seier Knut Spangelo Haga, som var kaptein i fråværet til Marius Mikkelsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I andreomgang blei heimelaget pressa, men dei klarte å ro i land tre poeng.

– Brann 2 hadde treft både stolpen og tverrliggjaren, og Todd hadde ei fantastisk redning då eit skot forandra retning. Han var på veg andre vegen, men klarte å ta ballen med foten, seier Haga og legg til:

– Vi stod bra imot, og kjempa som berre det mot slutten.

– Absolutt eit godt lag

Ein veit aldri kva spelarar andrelaga til eliteserielaga stiller med. Det kan verka som at heile A-laget til Brann har fått ferie, for ingen av dei som til vanleg er med A-laget, var å sjå på Kuventræ søndag.

– Du kan seia at vi var heldige, men ein kan også snu på det og seia at juniorane deira har gjort det godt når dei har fått spela. Dei har hatt fått gode resultat sjølv om det er juniorar. Dei gjev alt, og er absolutt eit godt lag.

Etter fire strake tap, har Os no to 1-0-sigrar på rad.

– Det ser betre ut no. Det gjekk ikkje heilt vår veg i dei føregåande kampane. Vi har to lagsigrar på rad, der vi ikkje har sleppt inn mål. Det er bra, seier Haga.