Elias Heggland Myrlid: Elias skårer og skårer.

Elias viste at han er ein notorisk goalgetter

Ni minutt tok det Elias Myrlid å skåra sitt første A-lagsmål for Brann.

Sist laurdag var han Kristiansund-spelar. Tysdag 16. mai debuterte han for Brann heime på Stadion. Onsdag kveld, ei knapp veke etter, fekk 20-åringen si første nettkjenning for raudtrøyene.

Fire dagar etter at Brann vann cupen var eliteserielaget frå Idrettsveien i aksjon i første runde av cupen 2023. Mot 3. divisjonslaget Frøya på Varden Amfi fekk Elias Myrlid sjansen frå start.

Artikkelen held fram under annonsen.

Knappe ni minutt ut i kampen hadde osingen vore farleg frampå fleire gonger. Målet han til slutt sette i nota, var av det litt uventa slaget. Osingen lurte seg på ein ball som såg ut til å gå heilt inn til Frøyas-keeper, fekk pirka ballen forbi og i mål.

Dermed kan Branns ferske, heimvende osing konstatera at han ikkje berre er ein notorisk målskårar for Brann 2, men at han også veit kvar målet står for Branns førstelag.

– Det var deilig å få målet, men eg burde hatt fleire, sa Elias til BAs Jonas Johnsen i pausen på Digitalsport si sending på TV2 Play.

I det 61. minutt fekk Elias si andre skåring. Etter eit lekkert veggspel med Felix Horn Myhre banka osingen ballen i mål og sytte for 3-0-leiing for Brann.

Sekundet etter vart han byta ut med cuphelten Bård Finne.