Kåre Mol med fire av dei aktuelle for herranes landslag i sandvolleyball. Frå høgre. Hendrik Mol, Anders Mol, Mathias Berntsen og Chistian Sørum. (Privat foto)
Kåre Mol med fire av dei aktuelle for herranes landslag i sandvolleyball. Frå høgre. Hendrik Mol, Anders Mol, Mathias Berntsen og Chistian Sørum. (Privat foto)

Får ansvaret for sandvolleyballsirkuset

Har har vore med på mange oppturar med norsk sandvolleyball. No er strandvikingen Kåre Mol tilbake i landslagssjefsrolla.

Den tidlegare volleyballspelaren, sportsjefen og landslagssjefen vart signa for nytt sjefsoppdrag for sandvolleyball-herrane sist veke, men i praksis har han hatt mykje med satsinga å gjera det siste året.

- Som trenar for unggutane i Beachvolley Vikings har eg jo vore nær på fleire av dei største talenta i landet, så ein kan seia at landslagsjobben på mange måtar blir å vidareføre det arbeidet me starta der, seier strandvikingen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han får utelukkande jobben som trenar for herrane.

Gode resultat

Beachvolley Vikings-prosjektet vart starta for nokre år sidan for å hjelpa unge hardtsatsande sandvolleyball-gutar opp og fram. Arbeidet lukkast til gangs. Mellom anna for sonen Anders (19), nevøen Mathias Berntsen og Christian Sørum som fleire gonger har gått til topps i junior-EM.

- Anders har vunne tre gonger, men den størte prestasjonen han har vore med på dei siste åra, synest eg likevel er då han i lag med Christian Sørum vart nummer fem i A1 Majoir Klagenfurt-serien, som i sandvolleyball vert som Wimbledon innan tennis, fortel Kåre Mol.

Søskenborna Anders Mol og Mathias Berntsen frå då dei tok tittelen i U20-EM på Kypros i 2015.
Søskenborna Anders Mol og Mathias Berntsen frå då dei tok tittelen i U20-EM på Kypros i 2015.

I Vikings-gruppa jobba han tett med fire utøvar. I tillegg til Anders, Mathias og Christian var Kåres eldsteson, Henrik, også med der.

- Desse fire vert nok sterke kandidatar for landslaget i tida framover. Men det er også eit par andre kandidatar. Totalt ser eg for meg å jobba med ei gruppe på seks, seier den nybakte landslagssjefen.

På treningsleir til USA

Då Os og Fusaposten prata med Mol senior onsdag, var han alt på veg til sin første treningsleir som landslagssjef.

- Me skal til Fort Lauderdale og trena. I tillegg får me tid til å delta i ei lita turnering, fortel Kåre.

Han har signert kontrakt med forbundet for to pluss to år. Dermed tyder alt på at han skal jobba mykje med sonene sina i tida framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det kjem til å gå heilt greitt. Her i familien har me jobba slik i årevis. Dei er vane med at far er trenar, ler Kåre.

Han minner om at det er mange liknande konstellasjonar som tidlegare har oppnådd suksess.

- Me har sett far-son-forhold både i alpint, skeiser og andre sportar. Den biten trur eg me taklar profesjonelt og fint, seier han.

OL i Tokyo

Tradisjonelt har Noreg hatt den eksepsjonelt gode vanen at dei har klart å få med lag i OL. Unntaket var i Rio i fjor sommar.

- Eg har sjølv vore involvert i norske sandvolleyball-lag som har delteke i OL. Eg var med i Atlanta i 1996, Athen i 2004 og i Beijing i 2008. Eg ser gjerne at me klarar å få eit lag til OL i Tokyo i 2020. Det må i alle høve vera målet vårt, avsluttar Mol før han løper til gaten og flyr av garde til Florida.