Erik Kanestrøm var blant dei som ikkje treffte mål før etter pause laurdag.
Erik Kanestrøm var blant dei som ikkje treffte mål før etter pause laurdag.

Fekk hol på byllen etter pause

Førsteomgangen mot Tertnes var skuffande, men etter kvilen losna det skikkeleg for Os. Gutane gav seg ikkje før det stod 7-1.

Til liks som med kampen mot Vestsiden-Askøy sist helg stonga Os lenge utan å få nettkjenning mot eit lag som trivst godt med å liggja bakpå. Tertnes leidde 1-0 til pause. Os rota bort mange fine sjansar.

- Me stongar mykje denne omgangen. Det vart litt statisk. Me skal få opp tempoet og vera meir presise etter kvilen, sa Ørjan Håland i pausen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei siste 45. minuttane viste at assistenttrenaren og spelande trenar Hassan El Fakiri lukkast godt med pausepraten.

 

To frå Mikkelsen

Knappe åtte minutt ut i andreomgang ordna Marius Mikkelsen balanse i rekneskapen med ein stødig heading. Etter 1-1-målet var det total Os-dominans kampen ut.

Hassan El Fakiri spelte frå start av mot Tertnes. Trenaren har vore på banen i dei tre siste kampane for dei gul-svarte.
Hassan El Fakiri spelte frå start av mot Tertnes. Trenaren har vore på banen i dei tre siste kampane for dei gul-svarte.

2-1 vart sett inn av Marius Mikkelsen medan Erik Kanestrøm ordna 3-1, før Mikkelsen sette inn sitt andre for dagen i det 66. minutt.

Deretter gjekk det 13 minutt før innbytar Thomas Lunde Fosen skåra sitt første A-lagsmål for Os. 

Siste som fekk teikna seg på skåringslista på Kuventræ laurdag var Steffen Ljosheim. Målet hans kom etter flott forarbeid av Øystein Takle Eide.