Far og son Mons Martin og Jan Borgen tok fire av Os Turns fem medaljar i KM i hopp utan tilløp på søndag. (Arkivfoto)
Far og son Mons Martin og Jan Borgen tok fire av Os Turns fem medaljar i KM i hopp utan tilløp på søndag. (Arkivfoto)

Fem KM-gull til Os

Tre osingar deltok i KM i hopp utan tilløp søndag. Resultatet vart fem gull.

KM i hopp utan tilløp gjekk av stabelen i Laksevågshallen i Begen. Os Turn sine utøvarar markerte seg svært godt.

Dei tre som var i aksjon var Kristine Moberg, Mons Martin Borgen og Jan Borgen. Kristine deltok i klassen for kvinner senior, Mons Martin i klassen for menn senior, og Jan Borgen i klassen for menn veteran 70-75 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Suveren

Kristine Moberg var heilt suveren i si i klasse. Med eit lengdehopp på 2,89 m var det ingen som var i nærleiken av å matcha den spreke osingen.

– Dette er eit av dei beste resultata i kvinneklassen gjennom tidene. Berre 3 cm frå rekord. Veldig imponerande, skryter Jan Borgen.

Mons Martin Borgen imponerte også. Ungguten vann både lengde og høgde for menn senior. I lengde var han litt bak persen med 3,03 m. I høgde hoppa han 1,55 m, noko som er identisk med hans personlege rekord i øvinga.

Tredje beste gjennom tidene

Gamlefar sjølv var også i bra form i Laksevågshallen på søndag. Den mangeårige friidrettstrenaren på Kuventræ vann begge øvingane i sin klasse med klar margin.

– Det vart faktisk lett match for meg denne gongen. Eg hoppa 2,39 m i lengde og 1,20 m i høgde. Det er resultat eg er godt nøgd med. Spesielt høgdehoppet. Det er faktisk det trede beste i kretsen gjennom alle tider i aldersgruppa 70-75, fortel Borgen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no