Lysekloster-trenar Ørjan Sandal kan velja frå nesten skadefri tropp til kampen mot Nest Sotra 2 måndag.
Lysekloster-trenar Ørjan Sandal kan velja frå nesten skadefri tropp til kampen mot Nest Sotra 2 måndag.

Fokus på tre nye poeng

- Om viljen er til stades og konsentrasjonen er på topp, så skal me ta tre nye poeng, seier Lysekloster-trenar Ørjan Sandal om kampen mot Nest Sotra 2 i morgon.

Det står att seks kampar av årets sesong for Lysekloster. Det vil seia at det er 18 poeng å kjempa om, og kvart einaste eitt kan vera livsviktig for Lysekloster om dei skal rykka opp. Lysekloster-leiren bryr seg lite om kven som står på motsett banehalvdel. Dei fokusera utelukkande på seg sjølv.

- Kvar kamp er ein tøff kamp. Alle ønskjer å slå oss. Me tek ein kamp av gongen, og snakkar ikkje om korleis andre gjer det i sine kampar, seier Sandal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nesten skadefri tropp

Sotra ligg berre eitt poeng bak Lysekloster, og pustar dei i nakken i kampen om opprykk. Reknestykket er enkelt, om Lysekloster vinn dei resterande kampane, så vert det opprykk.

- For oss handlar det om å vinna den neste kampen, og det er som sagt det me fokuserer på. Så får me telja opp når sesongen er omme, seier Sandal.

Til oppgjeret mot Nest Sotra 2 på måndag, er Thomas Helland uaktuell grunna ein kneskade og Alexader Andersen er ute med karantene.

- Espen Birkeland må me sjå litt an inn mot kampen. Han er på veg tilbake etter skade, seier Sandal.

Kampen mot Nest Sotra går på Skålevik kunstgras måndag klokka 20.00.