Hassan El Fakiri og resten av Os A-lag har lagt i veg på det som er den nest siste Stavanger-turen i årets sesong. (Arkiv
Hassan El Fakiri og resten av Os A-lag har lagt i veg på det som er den nest siste Stavanger-turen i årets sesong. (Arkiv

Fredagskamp for Os: Os-bussen rullar mot Stavanger igjen

Os-trenar Hassan El Fakiri håpar at laget klarer å halda trykket oppe til sesongen er over, og bli det beste "haust-laget" i 3. divisjon.

- Min største oppgåve i dei siste kampane er å greia å halda trykket oppe, og å motivera spelarane, seier El Fakiri og held fram:

- Eg har erfaring med slike situasjonar frå tidlegare i karriera, og eg veit at det kan vera mentalt tøft å motivera seg når ein eigentleg ikkje har noko å spela for.

Artikkelen held fram under annonsen.

Såg vanskeleg ut

Os har gjort ein flott snuoperasjon frå i vår, og i sist kamp feide dei unna all tvil om tilværet i 3. divisjon til neste år. I kveld er det bortekamp mot Vaulen, før Os skal spela henvoldsvis heime og borte mot Åkra og Viking 2.

- Me har gjort ein god jobb i haust, og greidde det som såg vanskeleg ut i sommar. Det er difor lett å få ei utlading, men me har som motivasjon at me kan bli det beste 3. divisjonslaget i haust. Det kan me klara, seier han.

Forventar nok ein fysisk kamp

Det er eit bra lag som er på veg til Stavanger, men eit par av spelarane som har fått mest speletid i år er ikkje med på bussen sørover.

- Me var litt for sein med klagen på det raude kortet til Torkel, så han er ikkje med. I tillegg er Erik Kanestrøm, Emil Halver og Andrew Todd ute, seier El Fakiri.

- Kva ventar de frå dagens motstandar?

- Eg har høyrt at dei har ein liten og trang bane. Eg reknar med det vert nok ein fysisk Stavanger-kamp, som me har fått oppleva fleire gonger i år, seier Os-trenaren.