Ein hoppande glad Ståle Steen Sæthre feirar 3-1-målet med lagkameratane i det 90 minutt.
Ein hoppande glad Ståle Steen Sæthre feirar 3-1-målet med lagkameratane i det 90 minutt.

Frykteleg godt å slå gamleklubben

Han var rå mot sine tidlegare lagkameratar på Fyllingsdalen. I det 90. minutt sette Ståle Steen Sæthre krona på verket då han gav Lysekloster 3-1-leiing og sikra sigeren.

Ståle har få gode minne frå tida då han spelte i Fyllingsdalen. Dårleg miljø og det han omtalar som mobbekultur øydela også for Ståle som spelar.

- Tida i Fyllingsdalen heldt på å øydeleggja karrieren min. Eg likar ikkje den klubben. Difor var det suverent herleg at eg og lagkameratane mine på Lysekloster knuste dei i dag, smiler Lysekloster-helten omgjeven av ei rekkje gratulantar like etter kampen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Strandvik-guten vart korrekt kåra till banens beste spelar etter oppgjeret.

- Eg føler det gjekk bra. Eg var eit uromoment og fekk meg ei skåring til slutt. Fyllingsdalen-spelarane prøvde å terga meg opp mot slutten, men eg berre gliste. I dag prella det berre av meg, smiler Lysekloster-spissen som noterte seg for sitt fjerde seriemål i dag.

Fullt fortent

3-1-sigere over Fyllingsdalen var ein herleg opptakt til 70-årsjubileumet som vert arrangert i klubbhuset seinare i kveld. Det meste gjekk etter planen for dei kvit-blåe.

Sigve Rørstad sett her elegant inn 1-0-målet i det 30. minutt.
Sigve Rørstad sett her elegant inn 1-0-målet i det 30. minutt.
Hans Christian Nysæther i midten bak blir gratulert etter 2-1-målet sitt.
Hans Christian Nysæther i midten bak blir gratulert etter 2-1-målet sitt.

- Me hadde bestemt oss for å følgja kampplanen frå sist helg då me slo Florø 3-1 borte. Det fungerte perfekt. Me låg kompakt bak og tok overgangane med stor fart. I første omgang var Fyllingsdalen nær like farleg som oss, men etter pausen produserte me langt fleire sjansar og vann fortent, konstaterar kaptein Baste Jonassen.

Etter kampen fekk han og lagkameratane høve til å feira framfor den nye tribunen for første gong.

Ny kurs

Lysekloster-trenar Thomas Sandal vedgår at kampstrategien me såg døme på mot Fyllingsdalen, kan bli å sjå att.

- Ja, det er klart. Når me tek poeng, så må me halda fram med det. Men det er ikkje alle lag det er lurt å liggja bakpå mot slik me gjorde i dag. Dessutan er me avhengige av å ha kjappe gode spissar, som Ståle og Thomas (Helland) som kan køyra overgangane med høgt tempo, seier Sandal.

Han legg til at det handlar om å vera smart og tilpassa kampplanen etter motstandar og tilgjengeleg mannskap.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I dag fungerte det veldig bra. Me ligg bakpå også i andre omgang, men me har sikkert tre gonger så mange sjansar som dei. Sigeren var heilt fortent. Ingen tvil om det, smiler han.

Kom tilbake

Lysekloster tok leiinga etter ei flott avslutning av Sigve Rørstad i det 30. minutt. Deretter gjekk det eksakt ein halvtime med speletid før neste ball vart ekspedert i nota i Framo Lysekloster Idrettspark. Det målet vart sett inn Bjarne Langeland.

- Eg synest det var veldig sterkt at me klarte å koma tilbake etter 1-1-målet til Fyllingsdalen. Då hadde me nemleg nett brent eit par 100-prosentsjansar, og då er det lett for å mista litt motet. Det gjorde me ikkje. Me stod opp for kvarandre og jobba på. Så kom HC (Hans-Christian Nysæther) si 2-1-skåring og etter det hadde me bra kontroll til Ståle sikra det heile med sitt mål, oppsummerer Baste.

Spelesugen

Lysekloster hadde mange udisponible spelarar til kampen mot Fyllingsdalen, men dei som kom inn klarte seg finfint. 

- Me mangla både Espen (Birkeland), Sindre (Flaa Hitland) og Christer (Olsen) i dag, men dei som spelte gjorde ein kjempejobb.

Martin Eidsvik og Alexander Andersen var del av ein nykomponert midtbane og viste at den jobben kan dei gjera igjen.

Elles var det ein svært så spelesugen gøteborgar som såg kampen frå pressetribunen.

- Åh. Det blir så herleg om me vinn denne kampen. Då er me liksom inne i ei fin medgangstid, sa Petrit Zuhbi i pausen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har ikkje spelt sidan cupkampen mot Os.

- Eg fekk ein hamstringsskade i den kampen, men no er eg på veg tilbake. Forhåpentlegvis sit eg på benken alt borte mot Stord neste helg, seier svensken.

 

 

Kampfakta

Lysekloster - Fyllingsdalen 3-1 (1-0)

PostNord-liagen avdeling 03

Lysekloster Framo Idrettspark

Mål: 1-0 Sigve Rørstad 30. min, 1-1 Bjarne Langeland 60. min, 2-1 Hans-Christian Nysæther 71. min, 3-1 Ståle Steen Sæthre 90

Artikkelen held fram under annonsen.

Lysekloster sitt lag: Ole Kristian Olsen - Ola Sjømæling, Gojko Ivkovic, Denis Ljubovic, Baste Jonassen - Hans-Christian Nysæther (Joshua Pichard frå 84.), Martin Eidsvik, Alexander Andersen, Sigve Rørstad, Thomas Helland (Ken-Joar Føyen frå 87.) - Ståle Steen Sæthre.