Fusing blei vestlandsmeister: - Min sterkaste prestasjon hittil
16-åringen Markus Andreas Aadland skaut til gull i helgas vestlandsmeisterskap i skyting.
16-åringen tevlar i både bane og feltskyting. Han meiner sjølv at han er sterkast i sistnemnde tevling, og det var også i feltskyting at han gjekk heilt til topps i helga.
- Det var utruleg kjekt. Eg imponerte meg sjølv, seier Aadland, og held fram:
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg hadde som mål om å fokusera på å gjera alt rett, og gjera mitt beste. Det viste seg å vera godt nok.
Vestlandsstevnet i skyting blei arrangert av Åsane/Hordvik i helga som var.
Håp om å bli skyttarkonge
I finalen i juniorklassen måtte det omskyting til for å kåra ein vinnar. Der møtte Aadland osingen Amalie Evensen og ein til. Duellen gjekk Aadland sikrande ut av.
Fusingen rangerer vestlandsmeister-tittelen høgst av alle skyte-opplevingane så langt, og håpar på sterke plasseringar og resultat også i framtida.
- Eg skal tevla i Landsskyttarstemnet i Målselv i Nord-Noreg om nokre veker. I min klasse reknar eg med at det er mellom 250 og 300 skyttarar. Eg satsar på ein plass blant dei 50 beste, seier fusingen.
Framover er planen å halda fram med å skyta og trena hardt.
- Det hadde vore stort om eg ein dag vann Landsskyttarstemnet og blei skyttarkonge, seier Aadland.