Vladan Radojkic sette inn dei to første måla til Lysekloster, og vart kåra til dagens Lysekloster-spelar.
Vladan Radojkic sette inn dei to første måla til Lysekloster, og vart kåra til dagens Lysekloster-spelar.

God start på haustsesongen

Sjølv om det såg litt dårleg ut til pause, gjorde Lysekloster grep i pausen som resulterte i ein solid siger mot Stord. Dermed fekk laget ein god start på haustsesongen.

Søndag starta Lysekloster haustsesongen heime mot Stord.

Alt fire minutt inn i første omgang måtte heimelaget sjå gjestenes Kristian Magnussen sette ballen i nettmaskene. 19 minutt etter det igjen greidde Jonas Stoknes å løpa frå alle Lysekloster-spelarane. Stoknes auka leiinga til Stord til 0–2.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter 30 minutt vaknar Lysekloster. Vladan Radojkic sørgjer for at pauseresultatet vert 1–2, og like etter pause set han inn sitt andre mål.

Utlikninga vert vendepunktet for heimelaget, og etter pausen melder også Truls Hovland (2), Kristoffer Østervold og kaptein Mats Walberg seg på skåringslista.

Dermed endar kampen, som til pause låg an til å gå i Stord sin favør, 6–2 til Lysekloster.

Laurdag 28. juli spelar Lysekloster mot Førde på Førde Stadion.

Her kan du sjå måla Lysekloster skåra i kampen mot Stord:

http://www.lysekloster.no/2018/07/se-alle-malene-i/

camilla.kvamme@osogfusa.no