Her jublar Trond Nymark for VM-sølv på 50 km. Sju år etter kan bergensaren konstatera at medalje-valøren eigentleg var gull.
Her jublar Trond Nymark for VM-sølv på 50 km. Sju år etter kan bergensaren konstatera at medalje-valøren eigentleg var gull.

Gratulerer Trond med sigeren

Kjersti Tysse Plätzer er glad på Trond Nymarks vegner, men har små forventningar til å få sitt eiga gull.

Tysdag offentleggjorde IAAF den nye offisielle resultatlista for 50 kilometeren i VM i Berlin 2009. På toppen av lista stod Trond Nymark.

Kjersti Tysse Plätzer var tidleg ute og gratulerte Trond tysdag føremiddag, men den tidlegare kappgjengaren frå Søfteland er ikkje særleg optimistisk med tanke på hennar eiga fortente OL-gull.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg er veldig glad på Trond sine vegner. Han har verkeleg fortent VM-gullet, men for min eigen del er eg ikkje særleg optimistisk. Systemet er rett og slett ikkje særleg interessert i å grava i gamle "dopingsakar", seier Kjersti.

Framleis mogleg

Etter rett kan IAAF gå ti år tilbake i tid for å gjera om på resulutatlistar der dopingtekne/dopingmistenkte utøvarar har vore involverte.

- Når det gjeld Olga Kaninskina, som vann gullet framfor meg under OL i Beijing i 2008, så er ho ikkje teke for doping, men for å ha betalt for å sleppa dopingtestar. Det gjer det heile litt meir komplisert, seier Kjersti.

Kjerst Tysse Plätzer vart teken imot som ein gullvinnar då ho returnerte frå Beijing-OL i 2008. Mykje tyder på at dei frammøtte i gymsalen på Søfteland skule heidra ho rett. Kjersti var etter alt å døma den rettmessige gullvinnaren.
Kjerst Tysse Plätzer vart teken imot som ein gullvinnar då ho returnerte frå Beijing-OL i 2008. Mykje tyder på at dei frammøtte i gymsalen på Søfteland skule heidra ho rett. Kjersti var etter alt å døma den rettmessige gullvinnaren.

Ho meiner likevel IAAF har høve til å fråta russarinna OL-gullet.

- Ho har brote det etiske reglementet med å betale for ikkje å bli teke i doping. Det er like ulovleg og burde fått konsekvensar, seier Kjersti.

Ho meiner det berre er pressa som kan hjelpa ho med å få gullet.

- Det var journalistar som grev fram saka om dei russiske utøvarane som dopa seg, og dei var journalistar som framtvang IAAF til å reagera. Eg er redd det er journalistar som må tvinga fram nye reaksjonar frå IAAF også. Forbundet verkar ikkje særleg interesserte i å rydda opp sjølv, seier Kjersti.

Provoserande

Søftelendingen er i desse dagar på ferie i ektemann Stephan Plätzer sin heimby i Tyskland. Der kunne ho nyleg lesa om sin tidlegare rival Kaninskina sin første konkurranse for sesongen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Etter tre år ute frå sporten var ho tilbake i konkurranse og gjekk like fort som ho gjorde då ho vart tvunge til å ta pause. Er det rart me er skeptiske og reagerar? undrar Kjersti.