Ein glad gjeng med Osdame-veteranar poserer før banketten etter å ha vunne sølv i veteran-NM. (Privat foto)
Ein glad gjeng med Osdame-veteranar poserer før banketten etter å ha vunne sølv i veteran-NM. (Privat foto)

- Heilt gull med sølv

Veteranlaget til Os-damene har vore i fem NM-finalar utan å vinna gull. - NM-sølv er jo også fantastisk, seier Gunn Nåmdal Røen.

I sitt andre åre som piker 50-lag tok Os-damene altså sølv i årets veteran-NM. Det er dei eigentleg ganske så nøgde med.

- I fjor vart det bronse. No vart det sølv. Då passar det jo fint om me tek steget til topps og tek gull når veteran-NM går av stabelen i Bergen neste år, ler Røen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tøff rival

Osingane reiste med 16 jenter til veteran-NM i Trondheim. Fredagen starta dei med puljespelet, og maskinariet fungerte godt etter gamalt.

- Dette er jo turar me ser fram til i månadsvis, så me er bra gira når me først kjem i gong, fortel Røen.

I puljespelet slo dei Tvedestrand og Ørland. Men dei gamle rivalane på Fjellhamar vart nok ein gong for tøffe.

- Dei er vanskelege å spela mot. Med ein gamal landslagsstrek og fleire gode skyttarar, måtte me tola tap i den kampen, fortel Røen.

Men osingane tok seg likevel til sluttspelet. I semifinalen møtte dei Jardar.

- Det var ein vanskeleg kamp. Jardar var gode, og me måtte verkeleg ta ut vårt beste for å ta dei. Til slutt vann me 9-7, fortel Os-streken.

Prioriterte finalen

Laurdagskvelden koste jentene seg på bankett saman med i overkant av 2.000 andre vetan-NM-deltakarar. Men osingane hadde ein finale å tenkja på, så dei heldt seg i skinnet.

- Me er glade i å ha det moro, men når ein først er komen til finale, så tek me det seriøst. Dessverre hadde me ikkje så mykje å stilla opp med. Me møtte Fjellhamar og dei er ein del betre enn oss. Resultatet vart 11-2, oppsummerer Røen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho håpar på revansje til neste år.

- Me fekk ikkje ut vårt beste i den finalen. I Bergen neste haust, skal me ta dei, konstaterer Os-streken.