Gudmund Snilstveit er godt førebudd før neste helgs Haugesund 70,3. Dei siste vekene har han testa utstyr og funne at det er mykje å tena på å nytta rett sykkel- og symjedrakt. (Privat foto)
Gudmund Snilstveit er godt førebudd før neste helgs Haugesund 70,3. Dei siste vekene har han testa utstyr og funne at det er mykje å tena på å nytta rett sykkel- og symjedrakt. (Privat foto)

I knallform før Haugesund 70,3

Han veit at han kan gjera det godt i Haugesund neste helg, men Gudmund Snilstveit vil heller snakka om Wales i september.

- Det er berre slik eg er. Når det nærmar seg konkurranse, prøver eg å flytta fokuset litt for ikkje å leggja for mykje press på meg sjølv, seier ironman-utøvaren.

I 2012 vart han nummer tre i halvironman-konkurransen i Haugesund. I fjor tok han femteplass. Mykje tyder på at 32-åringen er i langt betre form i år, enn han var på same tid i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Alle testar viser solid framgang, men så er det det med å få det ut i tevling då. Det er jo det som er den store utfordringa, fortel Gudmund.

For lite næring

Etter halvironman-øvinga i Haugesund i fjor viste urinprøven hans at han hadde teke til seg altfor lite næring - ikkje rart han kjente seg tom mot slutten.

- Det der er sånn eg må ta lærdom av. Det å stå opp litt tidleg før tevling, få nok mat i seg før ein startar, og få i seg næring også undervegs. Dette er ting som har enormt mykje å seia, poengterer Snilstveit.

Han vedgår at han også bruker å vera nervøs før store tevlingar.

- Det hjelper ikkje kor mange gonger ein har vore i slike konkurransar. Nervane kjem uansett, ler han.

Men denne gongen har han tenkt å lura seg sjølv.

- Eg har prenta inn i hovudet at heilironman-konkurransen i Wales i september er hovudmålet, og at Haugesund 70,3 berre er eit artig delmål. Dette er jo for så vidt sant også, men det er klart: Eg har jo sjølvsagt forventningar om å gjera det bra i Haugesund også. Det skulle berre mangla, humrar Vinnes-karen.

Testar mykje

Dei siste vekene har fusingen og hans kompanjongar i triathlongruppa til Fusa Sykkel testa ut ein del utstyr. Målet er sjølvsagt å tena sekund der ein kan.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I går hadde me test av sykkeldrakt. Resultatet var oppsiktsvekkande. Den drakta eg hadde tenkt å sykla med i Haugesund gav meir luftmotstand enn den eg no har bestemt meg for å bruka. Det er utruleg kva små detaljar kan ha å seia over lange distansar, seier han.

Også symjedraktene har han testa opp imot kvarandre.

- Både i Osbadet, og under trening her ute på Vinnes. Den beste glir kring sekundet raskare i vatnet på 100 meter. Det utgjer litt når ein skal symja 1.900 eller 3.800 meter, konstaterer Snilstveit.

Vinnes-oppkøyring

Det er ikkje berre Gudmund som gler, eller gru-gler seg til Haugesund-konkurransen neste søndag. Med på turen vert lagkameratane i Fusa Sykkel, Felipe Molina, Gitle Snilstveit og Håvard Ragnhildstveit.

- Alle har hatt god framgang i det siste, så me har eit bra håp om å hevda oss som lag, seier Snilstveit.

I lagkampen vert dei tre beste klubbresultata teljande.

I går var kvartetten klar for ei siste oppkøyring før Haugesund. Heime på Vinnes arrangerte dei sprint-triathlon (750 m symjing, 20 km sykling og 5 km springing).

- Dette er ei uhøgtideleg konkurranse som me arrangerer utelukkande for å få ein god oppkøyring før konkurransen neste helg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til Slovenia

Etter Haugesund gjer Snilstveit seg klar for avreise til Slovenia.

- Det er ikkje all verda med inntekt i denne sporten, men dette er altså ei tevling eg er blitt headhunta til. Det er ein halvironman-konkurranse, og når eg får dekt reise og opphald, er eg ikkje vond å be, humrar Guddisen.

Sesongens store mål, heilironmankonkurransen i Wales, er søndag 13. september.

- Etter Slovenina-turen reiser eg til Wales for å trena i løypene der borte. Eg bruker ei veke på å gjera meg godt kjent - ikkje minst for å vita kvar i sykkelløypa eg kan gje bånn pinne, og kvar eg bør bremsa meir ned, avsluttar Snilstveit.