Best av alle: Jacob Torsvik Dahl var med i fleire vinnarbåtar på Nordåsvannet i Bergen tysdag. Her frå eit tidlegare meisterskap ved Ulvenvatnet i Os.

Jacob best av samtlege

Jacob Torsvik Dahl vann sitt heat og var best av alle i sin klasse under Fana-regattaen på Nordåsvannet tysdag.

Os Roklubb deltok med elleve utøvarar i den lokale regattaen. Dei som var i aksjon var Matilde Hustad, Jakob Torsvik Dahl, Andreas Tysse, Randi-Helen Bustadmo Baldersheim, Silje Lothe Høvik, Signe Lothe Høvik, Mathias Jansen, Sebastian Ormehaug, Noah Lekven, Adrian Wold og Mattias Haugland.

Best gjekk det for U15-gjengen. Dei tok tre gull; i dobbeltfirar, dobbeltsculler og singelsculler.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jacob Torsvik Dahl sat i alle tre båtane.

I singelsculler vann han sitt heat og noterte seg også for beste slutt-tid av samtlege i sin klasse.