Anders Kinden (t.v.) har vore viktig for Nore Neset så langt denne sesongen. Spissen trur på eit nytt opprykk for klubben, om dei berre klarar å halda troppen fri for skadar. (Arkvi
Anders Kinden (t.v.) har vore viktig for Nore Neset så langt denne sesongen. Spissen trur på eit nytt opprykk for klubben, om dei berre klarar å halda troppen fri for skadar. (Arkvi

Kinden er i storform

Anført av Anders Kinden tok Nore Neset sin tredje strake siger fredag. Spissen står no med sju mål og fire målgjevande på fire kampar.

- Storformen er på plass, ja. Eg er godt nøgd med starten på sesongen, seier Kinden som endeleg ser ut til å vera kvitt skadeproblema som har råka han dei siste åra.

- Beina er fine, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spissen meiner at det ikkje er usannsynleg at Nore Neset har sterkt nok mannskap til å rykkja opp i år også.

- Sjansen er der. Det er ikkje umogleg, om vi berre klarar å halda oss unna skadeproblem i troppen.

Målrike kampar

Det er ikkje noko å seia på underhaldningsverdien i Nore Nesets kampar så langt i år. I seriepremieren blei det 6-3-tap for Sotra 2. Dei tre neste kampane er vunne, med 3-2 over Bremnes etterskåring med siste spark på ballen, 4-3 mot Erdal, og no sist 3-2 mot Ask. Kinden skåra to mål før Ask kom tilbake og både reduserte og utlikna. Fem minutt før slutt sikra Emilis Zilinskas tre poeng for Nore Neset.

- Emilis sikra sigeren med eit "krigemål" etter dødball, fortel Kinden.

- Vi har vore gode framover, og kanskje litt slappe bakover, noko som gjer at vi har sleppt inn ein del mål. Det er noko heile laget må ta ansvar for.

Neste kamp går borte mot Fitjar måndag.