Anders Kinden og Ruben Grindevoll ordna måla som sikra Nore Neset A-lag sine første tre poeng i 5. divisjon.
Anders Kinden og Ruben Grindevoll ordna måla som sikra Nore Neset A-lag sine første tre poeng i 5. divisjon.

Redda sigeren med siste spark på ballen

Anders Kinden la grunnlaget med to fulltreffarar i første omgang, men ikkje før Ruben Grindevoll banka ballen i mål i siste sekund av kampen, kunne Nore Neset A-lag gle seg over sin første siger i 5. divisjon.

Det var eit revansjesugent mannskap som entra Nore Neset idrettsplass for å ta imot Bremnes fredag kveld. Etter 6-3-tapet borte mot Sotra i første serierunde var dei blåkledde svært så klare for å ta sine første tre poeng i sin første sesong i 5. divisjon på over 20 år.

Men det starta ikkje så bra. Bremnes, som i stor grad bestod av unge ballsikre spelarar, var kvikke til beins og tok dei blåkledde noko på sengen. Alt etter ti minutt måtte dei blåkledde sjå lærkula finna vegen i eiga bur.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter dette tok sentralmidtbanen til Nore Neset tak og byrja å styra spelet. Anført av rutinerte Frode Buvik og ein Øystein Lee Lien, som ser ut til å funne tilbake til gode gamle takter frå tida i Søre Neset-trøya, tok norenesingane meir og meir over spelet. Etter kvart kom også sjansane.

 

To dødballmål

Men sjølv om dei spelte seg til fleire gode sjansar, var det på dødballar at dei blåkledde skulle finna vegen til nettmaskene denne kvelden.

Halvard VIking Sandtorv fekk det ærefulle oppdraget med å vera speakarerar på det nyinnkjøpte høgtalaranllegget. Egil Thuen "joinet" som sidekick etter at han gjekk av banen.
Halvard VIking Sandtorv fekk det ærefulle oppdraget med å vera speakarerar på det nyinnkjøpte høgtalaranllegget. Egil Thuen "joinet" som sidekick etter at han gjekk av banen.
Øystein Lee Lien var frisk og viste at han har funne tilbake til godforma frå tida då han regjerte på Søre Neset.
Øystein Lee Lien var frisk og viste at han har funne tilbake til godforma frå tida då han regjerte på Søre Neset.
Henrik Tiger Sandtorv stasjonerte seg på toppen av Nore Neset Aktivitetshus for å foreviga årets første 5. divisjonsoppgjer på video.
Henrik Tiger Sandtorv stasjonerte seg på toppen av Nore Neset Aktivitetshus for å foreviga årets første 5. divisjonsoppgjer på video.

Utlikninga kom etter eit fint slått hjørnespark av Ørjan Bjørgo i det 25. minutt. Inne framfor mål fekk Anders Kinden reint treff med panneluggen. Dermed stod det 1-1.

Knappe seks minutt seinare var Kinden på farten igjen. Også no etter eit hjørnespark, denne gong slått med utsida av venstrefoten av comeback-guten i Os-fotballen, Andreas Bjørnen.

Frå sidelinja var det vanskeleg å sjå korleis Kinden fekk ballen over streka, men etterpå kunne han fortelja at han brukte det meste av kroppsdelene for å ordna biffen.

- Eg fekk han først litt på hovudet, så via magen, før eg brukte hæla på å få han i mål. Ikkje spesielt vakkert, men mål er mål, humra Nore Neset-spissen etter kampen.

 

Artikkelen held fram under annonsen.

Klokkerein treff

Andreomgangen vart langt mindre oppløftande sett med Nore Neset-augne. I starten var det noko lunde jamt, men det siste kvarteret pressa gjestene frå Bremnes heimelaget kraftig. Utlikninga låg i lufta lenge, før dei fekk rota ballen i mål etter ein dødball.

Nore Neset-trenar Arne Sælensminde kommanderte resolutt spelarane sine i angrep etter 2-2-utlikninga, men særleg til sjansar vart det ikkje, før innbytar Arvid Rabben ordna frispark frå skrått hald utanfor 16-meteren.

Friskparket vart ekspidert av tidlegare Os-spelar Torbjørn Hjelle. Han prøvde finna Emilis Zelinskas, men Nore Neset-stopparen kolliderte med ein Bremnes-forsvarar. Deretter var det litt klabb og babb før ballen, som i sakte film, flaug i ein boge mot bakerste hjørnet av fem-metaren. Der venta Ruben Grindevoll.

- Eg såg eg hadde tid til å venta til ballen hadde falt langt nok ned. Deretter handla det berre om å få reint treff, seier 20-åringen.

Og reint treff vart det. Ruben banka til så det lydde ekko i garderobegangen bak mål. Ballen suste i nettet over Bremnes sin sisteskanse. Det stod 3-2, og så var kampen over.

Hadde litt tur

- Me spelte ikkje særleg godt i andre omgang og hadde litt tur i dag. Men det var sjukt godt å sjå Ruben banka ballen i mål i siste sekund. Utruleg godt å ha teke vår første tre-poengar for sesongen, konkluderte trenar Arne Sælensminde.