Landslagstrenaren køyrde dei unge og lovande hardt.
Landslagstrenaren køyrde dei unge og lovande hardt.

Kjendiskeeper imponert over talenta i Os

Den vidgjetne keeperen trenar det norske herrelandslaget i fotball til vanleg. I ettermiddag møtte han neste generasjon keeperar på Kuventræ stadion.

Frode Grodås besøkte i dag sentralidrettsanlegget på Kuventræ i samband med Eat Move Sleep. Keeperhelten var nok mest kjent blant foreldregenerasjonen, og kanskje spesielt for innsatsen han gjorde borte mot Polen i 1993.

– Eg hugsar så godt den kampen. Grodås hadde eit enormt utspel som gjekk direkte til spissen Jan Åge Fjørtoft. Han brukte Fjørtoft-finten og gav Noreg den viktige 2–0 leiinga, seier Børge Lunde, far til ein av keeperspirene ute på banen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og no står han her i eigen person og gjev ordre til borna som om norsk VM-kvalifikasjon stod på spel. Borna var ikkje fødde då Grodås var på topp, men mange har nok høyrt om han likevel.

Frode Grodås var godt nøgd med innsatsen til ungane som kom frå både Os Turn og Nore Neset.

– Innsatsen var veldig bra. Og eg tykkjer det er kjekt å trena born, sa Grodås.

Vidar Bahus og Frode Grodås fekk eit hyggeleg gjensyn i dag.
Vidar Bahus og Frode Grodås fekk eit hyggeleg gjensyn i dag.
Slenging var ein del av treningsopplegget.
Slenging var ein del av treningsopplegget.
Landslagstrenaren køyrde dei unge og lovande hardt.
Landslagstrenaren køyrde dei unge og lovande hardt.

Men han kunne også gje relativt direkte tilbakemeldingar når han såg noko han meinte ikkje var godt nok.

– Er det slik ein Os-keeper skal stå? Nei! No vil eg at de gjer det ein gong til, og denne gongen vil eg sjå noko anna, ropa Grodås til borna som sporenstreks skjerpa seg det dei kunne.

I løpet av halvannan time var det kasting, volley, høyball, fallteknikk og grep. Grodås slengde seg sjølv etter dei vanskelegaste ballane. Som ekstra bonus fekk Grodås også eit gjensyn med keeperkollega Vidar Bahus frå Os.

– Me har møttest før. Han spelte på Brann og eg på Lillestrøm. Sjølv om me ikkje var på same lag, var alltid tonen oss i mellom god, fortel Grodås.

ol@osogfusa.no