Marte, Linnea, Vilde, Lise, Tuva og Angelica. Fremst: Brinner.
Marte, Linnea, Vilde, Lise, Tuva og Angelica. Fremst: Brinner.

Knyter tette band gjennom handball

Veninnegjengen som Os og Fusaposten snakka med på handballskulen i dag, er samde om at handball er kjekt, men at det kjekkaste med slike samlingar er den sosiale samhandlinga.

- Handball er livet, seier Lise, og smiler.

Ho sit på tribunen i Oshallen saman med handballveninnene. Humøret er på topp, og det er ingen tvil om at dei kosar seg på handballskulen. Dei ser på dei yngste deltakarane (1.- 2.- og 3. klassingane) som er i sving på Gjensidige Handballskule nede på parketten. Skulen starta måndag og vert avslutta i dag, og den eldste gruppa er nett ferdige med sin siste lunsjpause på handballskulen for i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

- No har me litt fri, før me skal spela turnering etterpå. Me vil helst sitja her, for det er kaldt ute i dag, seier Vilde.

Besøk frå damelaget

Jentene fortel om aktivitetsrike dagar, kor dei har lært nye finter, korleis ein skal satsa i angrep, om korleis ein skal handtera ulike kampsituasjonar og mykje meir.

- Me har også fått mykje fint utstyr, som denne flaska, seier Brinner, og viser ei drikkeflaske.

- Noko av det kjekkaste denne veka har vore å få besøk av spelarar frå damelaget. Dei er veldig flinke, seier Marte.

Vener er viktigast

Det har uten tvil skjedd mykje spanande, men kva er eigentleg det kjekkaste med handballskulen? Ein skulle tru det er å spela handball, men sjølv om jentene stortrivst med det, så er det noko anna dei vil trekkja fram.

- Det å vera saman med vener, og bli kjend med nye personar, er det me likar best med handballskulen. Men det å få besøk av Os-damene, og å spela handball med dei, er også veldig kjekt, seier Lise, og veninnene nikkar og er samde.

Flink og morosam kokk

Sist, men ikkje minst, så vil jentene skryta av maten dei har fått denne veka.

- Ho som er på kjøkenet er veldig flink til å laga mat, og så er ho morosam i tillegg. I dag har me fått taco, seier Linnea.

Artikkelen held fram under annonsen.

På kjøkenet er det Camilla Hamre som regjerer. Ho fortel at dei har funne ein suksess-meny, som dei held seg til.

- Me har tomatsuppe, hamburgarar og taco. Det trur eg me har hatt i ti år. Eg kan ikkje skryta på meg å ha vore med kvart år, for eg har hatt nokre friår undervegs, seier ho.

- Handballskuledeltakarane skryt av deg, og seier du er ein flink kokk, og at du i tillegg er morosam.

- Eg som har vore så sur, ler Camilla.

- Det er kjekt å få slike tilbakemeldingar.

Nøgd handballeiar

Leiar for Os Handball, Andris Hamre, gjekk rundt i hallen og såg til at alt gjekk som det skulle. Han fortel at det har vore over 20 frivillige i sving, for å rettleia og syta for at dei over 90 borna har hatt fine og aktivitetsrike dagar.

- Det er særskilt gledeleg å sjå at det er så mange unge gutar med. Om lag halvparten av den yngste gruppa er gutar i år. Me har slite litt med rekrutteringa på herresida dei siste åra, så det er veldig kjekt å sjå at det er så mange i år, seier Hamre.

- Av dei frivillige vil eg gjerne trekkja fram Britt Tungeland og Camilla Hjelle. Dei har vore her kvar dag med dei yngste deltakarane. Dei har lagt ned ein kjempeinnsats, seier Hamre.