Ole Martin Lekven Kolskogen fekk landslagsdebuten sin mot Island tysdag. Det enda med skåring i straffesparkkonkurransen.
Ole Martin Lekven Kolskogen fekk landslagsdebuten sin mot Island tysdag. Det enda med skåring i straffesparkkonkurransen.

Kolskogen skåra i landslagsdebuten

Os-spelar Ole Martin Lekven Kolskogen fekk sin landslagsdebut for G16 mot Island.

Noreg opna med ein sterk 1-0-siger over Polen i Åpent nordisk mesterskap søndag. I går venta vertane Island på motsett banehalvdel. Då var det også duka for landslagsdebuten til Kolskogen. 

Etter ei skåring til kvart av laga i andreomgang, gjekk kampen til straffekonk. Der var Kolskogen ein av fire norske spelarar som skåra. Det heldt likevel ikkje til siger, og Island vann 7-6, etter at Noreg missa på den avgjerande straffen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trenar Gunnar Halle var likevel nøgd med kampen, både med å få sjå fem debutantar i sving, og også det faktum at Noreg var det beste laget og burde avgjort i ordinær tid.

– Vi burde teke med oss alle tre poenga. I førsteomgang, sjølv om vi dominerer, har vi litt lågt balltempo og slurvar litt i pasningsspelet vårt. Det gjer at vi ikkje kjem til endå fleire og større sjansar. Island forsøkte seg på eit par-tre kontringar dei gongene vi hadde mange i angrep og var litt overmodige, men vi burde ha avgjort dette – det var såpass stor forskjell. Uansett var det ei svært nyttig erfaring å få sjå og testa ut heile fem debutantar  sier Halle til fotball.no.

– Vi styrer heile kampen og har 11-3 i sjansar. Vi har nokre store vi absolutt bør setja. No må vi sørgja for å vinna den siste kampen mot Nord-Irland, legg han til.

Norge - Island 1-1 (0-0)

Mål: 1-0: Oscar Aga (60 min). 1-1: Gudmundur Axel Hilmarsson (67 min).

Norge starta med følgjande lag: 

(NORGE 4-4-2) Marcus Ellingsen Andersen - Christopher Georgiou Hurleen, Ole Martin Lekven Kolskogen, Jonathan Lein Valberg, Oskar Aron Opsahl - Josef Brian Baccay, Mathias Ullereng Kjølø, Sander Johan Christiansen, Johan Meldalen Kolstad - Oscar Aga, Kornelius Normann Hansen