Kom frå Belgia for å følgja helten

I 2013 laga nokre belgiarar fanklubb for Alexander Kristoff etter å ha sett den norske superstjerna i Flandern rundt. Onsdag venta dei lenge for å få eit bilete med helten.

Dei fire belgiarane var ikkje vanskeleg å få auga på. Ikledd raude genserar med bilete av Kristoff, ein av dei attpåtil signert, gjekk dei kvilelaust rundt Katusha-bussen for å få eit glimt av helten. Då syklistane endeleg kom ut, tok Kristoff seg tid til eit bilete saman med dei.

Grillfest hos Kristoff

I 2014 blei fanklubben inviterte på grillfest av Kristoffs mor, Anne. Der var også Johan Kaggestad, Christian Paasche og Ole Kristian Stoltenberg. (Sjå artikkelen frå Aftenbladether).

Artikkelen held fram under annonsen.

Belgiarane som starta klubben har følgt Tour of Norway tidlegare. Dei var også på Tour des Fjords i 2014.

- Vi kjem til å følgja denne etappen, før vi reiser til Haugalandet der vi skal bu. Då kjem dei syklande til oss, seier Dirk Billiau og smiler.

Takka dei frivillige

Det var ikkje berre belgiarar i Os onsdag. Osingane møtte også opp i hopetal for å følgja starten av Tour des Fjords, og resten av showet i sentrum som mellom anna inkluderte musikk frå Eirik Søfteland, triksing frå Sondre Ødegård Aksnes, og luftig BMX-show.

For at dagen skulle gå knirkefritt føre seg, hadde mange frivillige stilt opp. Ordførar Terje Søviknes opererer med eit tal på 140 frivillige, som han takkar på si Facebook-side. Os frivilligsentral og Os Turlag var blant dei som stilte med frivillige.

- Vi hadde base hos oss, og stod for lunsj til dei frivillige som jobba ute i felten, seier leiar i frivilligsentralen, Tove Hille og held fram:

- Vi var eit team av frivillige på 15 personar som jobba skift. Desse hadde også bakt for anledninga.

Tilbake til kvardagen

Alt såg ut til å gå føre seg etter planen, og dagen mange hadde sett fram til i lang tid, var brått over. No er det tilbake til kvardagen.

- Vi har landa etter gårsdagen, ja. No er det tilbake i vanleg modus, og tilbake til vanlege arbeidsoppgåver, seier Hille.