Andrew Todd hadde halvannan sesong i Os. No trenar han med eliteseriespelarane til Brann.
Andrew Todd hadde halvannan sesong i Os. No trenar han med eliteseriespelarane til Brann.

Kosar seg gløgg med Pjotr og Alex

Fjorårets Os-keeper Andrew Todd lever livets glade dagar i Brann. - Eg gjer mitt beste å håpar eg får vera, seier amerikanaren.

Energibunten som vakta osinganes mål i fjorårets sesong kom tilfeldig inn i Brann for eit par veker sidan. No håpar han å gjera det såpass bra at keepertrenar Dan Risnes og resten av trenarteamet rundt Brann, ser seg tent med at han blir.

- Tredjekeeper i Brann, Marcus Olsen Petersen, er skadd. I samband med det spurte Dan Risnes meg om eg ikkje kunne vera med dei litt framover. Det takka eg sjølvsagt ja til, seier Todd, som per dags dato er klubblaus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Imponerande nivå

Han diggar å trena i lag med Pjotr leciewski og Alexander Horwath.

- Dei er svært gode og har enormt med erfaring. Eg nyttar kvar treningsdag i lag med dei til å læra så mykje eg kan og utvikla ferdigheitane mine, seier NHH-studenten.

Når det gjeld nivået elles på trening, er han også imponert.

- Resten av Brann-spelarane held svært høgt nivå. Dei er så gode at eg helst ikkje ville spelt på motsett lag, ler Todd.

Om han ikkje får vera med vidare med Brann, veit han førebels ikkje heilt kva han gjer denne sesongen.

- No har eg fullt fokus på å gjera ein god jobb her, så får me sjå kor lenge dei har bruk for meg, seier 26-åringen.

Blir i Bergen

Andrew Todd hadde halvtanna år i Os. Han hadde ein fi tid og ønskjer sine gamle lagkameratar lukke til i komande sesong.

NHH-studenten blir verande i Bergen ei stund til.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg skal gjera ferdig studiane innan finans og marknadsføring. Om ikkje Brann ønskjer meg i stallen, får eg sjå an kva andre klubbar som måtte vera interesserte. Fotball skal eg uansett spela også denne sesongen, konstaterer California-guten.