Frå tida i Os: Karl Kvile var ei kort tid A-lagstrenar i Os. Her frå då han ønskte Frode Storebø velkommen til klubben i 2018.

Kvile om utviklingsfilosofien: — Me har fått både ris og ros, men resultata talar for seg

Det seier Karl Kvile, trenar for den talentfulle 2000-årgangen i Fyllingsdalen som fleire Os-spelarar var del.

Han er ikkje i tvil om at det å samla motiverte og dedikerte talent frå tidleg alder, er vegen å gå for å få fram de store talenta.

Mannen som trente den ekstremt talentfulle 2000-årgangen i Fyllingsdalen, meiner det må vera heilt legitimt å samla dei mest dedikerte og treningsvillige spelarane alt i ung alder. Kvile, som også var A-lagstrenar i Os ei kort stund, er klar på at ei slik satsing vil gje resultat.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Ein vil alltid kunne finna eksempel på det motsette, men i all hovudsak vil ein ha større sjanse for at spelarane når langt når ein får samla motiverte og dedikerte utøvarar og trenarar. Ei jamnare gruppe vil gje betre resultat for kvar enkelt ved at dei driv kvarandre fram.

Les også
Harry spelte på lag med Erling Braut Haaland. Men det var ikkje jærbuen som imponerte han mest

– Det var ikkje «topping»

Han vedgår at ikkje alle i fotball-Noreg er samd i filosofien.

— Me har fått både ris og ros for det me gjorde med 2000-laget til Fyllingsdalen i åra frå 2009 til 2015. Men resultata me fekk, og talenta me fekk fram, kan ingen argumentera mot. Dei resultata talar for seg sjølve, seier Karl Kvile.

Kritikken gjekk på at ein samla dei største talenta i éi og same gruppe, alt frå spelarane var veldig unge. Kvile er klar på at dette på ingen måte må samanliknast med omgrep som «topping».

— Dette skjer jo innanfor fleire område. Vera seg sjakk, langrenn, alpint eller tallause andre aktivitetar. Dei mest dedikerte vert samla og får høve til å leggja meir i aktiviteten dei brenn for. Diskusjonen går ofte på når ein skal våga å starta ei slik satsing. Eg meiner at om folk har store ambisjonar, eit inderleg ønske om å bli god og har talent for det, så vil det vera gunstig og motiverande for dei å vera saman med andre som har det same sterke ønske. Det var det me gjorde i Fyllingsdalen, seier Kvile og legg til:

— Og dette må ikkje forvekslast med topping. Topping er å ha med seg 14 spelarar på Voss cup og berre la dei beste spela, slik at det står to-tre spelarar på sidelinja heile tida. På laget vårt fekk alle spela. På kvar cup me var på, fekk alle spelarane starta minst to kampar. Dette var me veldig klare på, og totalen var at alle følte dei var med og bidrog, og at samhaldet i gruppa var sterk og godt, seier Kvile.

— Stolt over det me fekk til

I dagens toppfotball i Noreg, så vel som i utlandet, ser han at spelarane dei hadde med seg på 2000-laget til Fyllingsdalen, hevdar seg godt.

— Me hadde først og fremst lokale spelarar frå Bergen og omegn. Det var dei som trena i lag og dreiv kvarandre fram. Fordelen med at alle er like ambisiøse, er at ein får stor kvalitet. Unge spelarar er formbare og liker å bli stilt krav til. Grupper der spelarane er på noko lunde likt nivå, gjev best utvikling, slår Kvile fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er klar på at alle som vil spela fotball, skal ha eit tilbod, men held fast på at det må vera lov å selektera spelarar på bakgrunn av interesse, ambisjon og vilje.

— De fekk rette type spelarar. Er det andre moment som var viktige for suksessen og utviklinga til spelarane på dette 2000-laget?

— Ja, det må nemnast at ein også var avhengig av at spelarane hadde ivrige foreldre. Foreldre som følgde opp, køyrde dei til og frå, og som prioriterte å senda gutane på store cupar i utlandet. Me reiste nemleg ein del, og det fordrar at foreldra stiller opp, seier Kvile.

Ekstra spelarar til utanlandscupane

Kvile presiserer at dei også tok omsyn til at alle spelarane ikkje kom frå like ressurssterke familiar reint økonomisk.

— Om me hadde spelarar som kom frå familiar som ikkje alltid hadde økonomi til å senda sonen på cupane, ordna me det internt slik at alle fekk vera med på tur, fortel han.

Kvile er også klar på at det berre var på utanlandsturar at dei hanka inn talent frå andre deler av landet.

— Haaland var blant desse. Han var med oss på utanlandscupar i fleire år. Til liks med Kevin Martin Krygård, som i dag er kaptein på Haugesund, og Jesper Dalland, som spelar for Cercle Brugge. Men dette var altså når me skulle til storcupane og møta lag som Juventus og Tottenham. Då var det naturleg at me forsterka oss litt, seier Kvile.