The pink ladies frå Ådlandsfjorden klinte til med siger i kamp-debuten sin.
The pink ladies frå Ådlandsfjorden klinte til med siger i kamp-debuten sin.

Ladies og gubbar i heftig dobbeltoppgjer i Nore Fusa

Det var stor stemning då damene og gubbane til Ådlandsfjorden inviterte til venskapskampar mot Samnangers godt vaksne mannskap.

Dei to kampane gjekk av stabelen på idrettsbana ved Nore Fusa skule førre fredag. Ådlandsfjorden Ladies opna ballet i sine knall rosa drakter. Dette var deira første kamp som lag. Før dette hadde dei berre hatt ein einaste treningskamp. Den var mot nokre ungdomar i bygda.Føremålet då var å testa korleis dei fungerte som lag, og korleis det var å spela på stor bane.

Fin gjeng

Damelaget i Ådlandsfjorden møtest for moro kvar måndagskveld for å spela fotball saman. For ei lita stund tilbake fekk dei spørsmål om å spela kamp mot damelaget i Samnanger. «The pink ladies» tok utfordringa på strak arm, og byrja å trena to gonger i veka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjengen består av spelarar i alderen 15-40 år. Nokre av damene har aldri tidlegare spelt på lag. For dei var Samnanger-kampen deira offisielle kamp-debut.

Mål rett i flaisen

Samnanger har dette året ingen faste damelag, men hadde samla saman ein gjeng med gamle spelarar og fått med seg nokre jenter 17-spelarar. Dei kalla seg «Samnanger rot i hop».

Etter avspark gjekk det berre 30 sekund før dei blåkledde Samnanger-jenten dunka inn det første målet. Men nokre minutt seinare klara Ådlandsfjorden ladies å utlikna.

Petter Teige frå Samnanger og Stein Ove Samnøy frå Ådlandsfjorden var karane som tok initiativ til dobbelt-oppgjeret mellom dei to vaksen-laga.
Petter Teige frå Samnanger og Stein Ove Samnøy frå Ådlandsfjorden var karane som tok initiativ til dobbelt-oppgjeret mellom dei to vaksen-laga.
Mange i bygda ofra VM-fotball for å få med seg lokaloppgjera i Ådlandsfjorden.
Mange i bygda ofra VM-fotball for å få med seg lokaloppgjera i Ådlandsfjorden.
Stor stemning på sidelinja då The Pink Ladies skåra.
Stor stemning på sidelinja då The Pink Ladies skåra.
Gubbelaget til Ådlandsfjorden tapte til slutt 3-6 for Samnanger.
Gubbelaget til Ådlandsfjorden tapte til slutt 3-6 for Samnanger.

På sidelinja strøymde det på med publikum. Heile bygda hadde denne fredagskvelden forlete TV-skjermen med fotball-VM, for heller å sjå og heia fram laget sitt frå bygda. Kampen var jamn, men heimelaget hadde overtaket og gjekk til pause med ei 3-1-leiing.

Etter pause køyrde dei på vidare og skåra sitt fjerde og femte mål for kvelden. Kampen enda med 5-1-siger til Ådlandsfjorden ladies, som var både overraska og glade over å ha slått nabobygda sitt damelag i fotball.

Herrane sin tur

Like etter damekampen var det «gubbane» sin tur. Gubbane til Ådlandsfjorden trenar til vanleg ein gong i veka, men er ikkje med i nokon serie.

Men kampar har dei lyst til å spela. Difor tok Stein Ove Samnøy initiativ til dame- og gubbe-oppgjeret denne kvelden.

For to år sidan blei det også arrangert ein kamp for Ådlandsfjord-gubbane og Samnanger-gubbane. Den gongen tapte Ådlandsfjorden mykje. Difor var dei klare for revansje denne gongen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Starta bra

Til liks med i damekampen kom det første målet raskt. Heimelaget var dei som fann nettmaskene først, men ikkje lenge etter utlikna Samnanger til 1-1. Etter kvart var det dei blåkledde samningane som styrte kampen. Dei sikta godt og sette inn fire mål til før pause.

I 2. omgang kom Ådlandsfjorden sterkt tilbake og heldt presset ei stund. Litt ut i omgangen reduserte dei til 2-5, men uheldigvis kom det kjapt også eit mål i mot. Ådlandsfjorden fekk ei redusering til, og kampen enda 3-6 til Petter Teige og hans menn.

Samnanger-gubbane var overraska over motstanden dei fekk, og meinte at dette var ein mykje jamnare kamp enn førre gong dei to laga møttest.

Etter kampen var det duka for fotballfest med premieutdeling i ungdomshuset Bygdaheimen på Holmefjord. Stemminga var god og det var ingen sure miner for tap.

Både publikum og spelarar syntest dette var ein kjempesuksess. Bygdafolket fortalde i etterkant at det var kjekt å sjå på dei to kampane og at det var ein fin arena til å samla folket. Så dette må bli ein tradisjon!

Victoria Dale