Jan Roar Nordli er éin av fire trenarar som deltek på samlinga i Nore Neset idrettshall i helga. Ifølgje trenaren er det viktigaste med treningshelga at jentene har det kjekt i lag, og at dei får høve til å knyta band.

Lærar av kvarandre

I helga trenar 31 handballjenter frå Bjarg saman med 17 handballjenter frå Nore Neset i Nore Neset idrettshall. Det sosiale aspektet er minst like viktig som treninga. Om ikkje viktigare.

- Det er gøy å verta kjent med nye folk, og å gjera noko anna i helgane enn å berre spela kampar, seier Sofija Vukcevic, Andrine Ekevold og Emma Louise Grasdal.

Trekløveret er del av J11-laget til Bjarg. I helga vitjar dei Nore Neset idrettshall og handballjentene som er på same alder som dei der.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kva ser de mest fram til?

- Å overnatta i hallen, seier Andrine.

- Osbadet i morgon, seier Sofija.

Emma Louise Grasdal, Andrine Ekevold og Sofija Vukcevic fortel at dei har lært mykje på treningssamlinga på Nore Neset. Dei trur òg at det er ein fordel å verta kjent med jentene på Nore Neset. - Då veit vi kva dei er gode på når vi skal spela kamp mot dei, seier Emma Loiuse og smilar.

- Mikskampane i ettermiddag, seier Emma Louise.

Laurdagen starta med ei treningsøkt i hallen. Deretter var det lunsj, før jentene vart delte inn i seks lag. Medan nokre spelar kampar, får dei andre i oppgåve å førebu kveldens aktivitetar.

- Dei veit det ikkje enno, men det er jentene som skal stå for underhaldninga i kveld, avslørar Bjarg-trenar Jan Roar Nordli.

Det var han som tok initiativ til samlinga på Nore Neset. Laget hans har vore på tilsvarande utflukter i Hordaland fleire gongar tidlegare.

- Handball handlar om meir enn på vinna kampar. Desse laga kjem til å møta kvarandre kvart år heilt til dei er 16. I helga kan dei få nokre nye vener, seier Nordli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trenaren har leidd Bjarg-laget i seks år allereie. Han meiner 11 år er ein fantastisk alder å ta dei med på slike arrangement.

- Når dei er 11 er dei opne og mottakelege for nye impulsar og for kvarandre. Dei er i lag i éin dag, og har kjensla av å ha kjent kvarandre heile livet. Når dei vert eldre, er det ikkje like enkelt, seier han.

I 11-årsalderen er det dessutan heilt umogeleg å seia kven som vert gode i idretten og ikkje, ifølgje Nordli.

- Det viktigaste er at alle kjenner meistring på banen, seier trenaren, som synest det er alt for mykje alvor i barneidretten, og for mykje fokus på resultat.

- Det er heilt unødvendig. Som trenarar må vi sørgja for at borna har det gøy, og så får det heller gå som det går på banen, meiner Nordli.