Joachim Westrheim skåra to mål i lokaloppgjeret.
Joachim Westrheim skåra to mål i lokaloppgjeret.

Lokaloppgjeret: – Vi køyrde over dei

Lysekloster vann komfortabelt 3–1 over Os i dag. Det einaste heimelaget sin trenar er skuffa over, er effektiviteten til spelarane sine.

– Om ein ser bort frå dei første minutta i kampen, køyrer vi over dei. Det var godt synleg at det var 2.-plass mot 11.-plass. Det einaste som skuffa meg, er effektiviteten. Vi burde ha hatt minst åtte mål i dag. Sjansane vi skaper er så store at det er nesten ikkje til å tru, seier Lysekloster-trenar, Ruben Hetlevik.

Sjølvmål opna ballet

Kampen var jamn heilt i starten. Os fekk nokre sjansar på overgangar, men det blei ikkje skapt noko farleg. Heimelaget sitt første mål kom etter vel 18 minutt spelt. Eit farleg hjørnespark gjekk forbi alle spelarane i feltet, før Os-spelar Andreas Støle-Hansen tilsynelatande noko overraskande fekk ballen i beina. Han klarte ikkje å stokka dei, og ballen rulla over streken. Lysekloster sin toppskårar denne sesongen, Simen Næss, var nære på etter ein halvtime spelt, men Chris Sunde Midtun i Os-målet redda greitt. Rett før pause fossa heimelaget i angrep. Even Vetås kombinerte fint med Eirik Jacobsen og fekk sendt i veg eit skot med venstrefoten. Midtun gav retur rett ut i feltet. Der stod Joachim Westrheim, som roleg sende ballen til høgre for keeper.

Artikkelen held fram under annonsen.

Reduserte etter tabbe

Heimelaget kom ut etter kvilen tydeleg bestemte på å halda oppe trykket, og hadde alt hatt ein god mogelegheit før dei på ny fann vegen til mål. Næss fekk eit gjennomspel på sida og Midtun prøvde å nå ballen før han. Spissen kom først til ballen, og fann Westrheim framfor mål. Keeper var spelt ut og forsvararane klarte ikkje stoppa Westrheim frå å setja inn heimelagets tredje mål. Så kom ein periode der det blei skapt store sjansar. Heimelaget med flest. Os med eit par. Om lag eit kvarter før slutt, fekk bortelaget noko å jubla for. Roger Ekeland jaga eit langt oppspel, og Lysekloster-keeper Maciej Raniowski kom ut. Sistnemnde prøvde å kontrollera ballen på brystet, men såg ut til å feilberekna litt. Ekeland snappa ballen og kunne trilla inn reduseringa. Nærmare kom aldri Os. Lysekloster skapte fleire store sjansar mot slutten, men det blei med 3–1 til heimelaget i lokaloppgjeret.

Blør for drakta

Os-trenar Endre Brenne, er ekstremt skuffa over prestasjonen, og meiner at det var ein av dei verste framsyninga frå hans lag denne sesongen.

– Vi møtte ikkje skikkeleg til kamp. Vi var tamme og energilause og det var for store avstandar i laget. Det er skuffande at ein av dei dårlegaste kampane våre kjem i dette oppgjeret, seier Brenne og held fram:

Lysekloster skåra tre på Chris Sunde Midtun.
Lysekloster skåra tre på Chris Sunde Midtun.

– Inngangen til kampen var bra. Vi har hatt ei god treningsveke. Men når vi skulle starta å dansa, fann vi verken takt eller tone. Starten var ok. Resten var alt for dårleg.

I Lysefjorden er stemninga heilt annleis. Dei gjer seg klare for kamp, og dette var den perfekte oppladinga.

– Det har i forkant av desse lokaloppgjera vore fokus på talet lokale spelarar, og det blir sagt at desse kampane betyr meir for Os-spelarane, då dei har flest lokale spelarar. Kva tenkjer du om det?

– Det er ingen tvil om at desse to oppgjera betyr mykje for oss. Det viser denne kampen, og kampen på Kuventræ i vår. Det er ikkje flust med osingar i deira startellevar heller. Vi ønskjer å gje tilbake til dugnadsgjengen, styret og alle dei som bryr seg om Lysekloster. Vi blør også for logoen og for drakta, seier Hetlevik.