MacGyvers tapte i sur motvind

-Gå no då for f..., kom det ilsk frå ein MacGyvers-supportar frå sidelinja, då MacGyvers og laget 1-2 spelte semifinale for herrar amatørar på Kuventre laurdag.

Det nærma seg slutten på Midtsiden Cup og det hardna til mellom laga som jogga, sprang og ramla i vindråsene og regnet på kunstgraset.

Mac Gyvers i kamuflasjemønstra t-skjorter hadde eit bra banespel, men sleit med å bryta gjennom 1-2 sitt forsvar.

Artikkelen held fram under annonsen.

-Me spelar omtrent som Manchester United, sa ein annan supportar, som høyrdest ut til å ta dette svært tungt.

-Her er det mange paralellar, heldt han fram utan at habn ville utbrodera dette noko vidare.

Bom med smell

-Skyta litt! kom det frå same engasjerte supportar som no øste seg opp til nye høgder, ei oppmoding som dei på banen tok på alvor. Eit skot vart sendt i retning kryssen på 1-2 sitt mål, men brende i staden rett i reklamen for Os hageservice med eit smell.

I bakgrunnen kunne høytalarstemma opplysa om at laget Ståle hadde stukke av med sigeren i klassen for herrar elite. Dei hadde vunne 1-0 mot laget FIFA, noko sikkert dei som er nyhendeinteresserte synst er svært tilfredstillande og moralsk riktig. Det vanka både pokal, heider og ære.

Moralske vinnarar

Då me hadde vendt tilbake til kampen MacGyvers - 1-2 viste det seg at dei første hadde gått på eit forsmedeleg tap. Men karane tok det med så godt humør, at det ikkje var alle av spelarane som hadde fått nedlaget med seg.

-Me spelte i sur motvind, men spelet varma, mente ein.

-Kanskje laget tapte, men me er den moralske vinnaren, sa ein annan.

-Cup er cup, sa ein tredje.

Artikkelen held fram under annonsen.

-Og ballen er rund, sa ein fjerde med eit uutgrunneleg blikk.

Den første som uttalte seg skulle eigentleg vore med der ute på banen, noko han hinta frampå om var litt av forklaringa på kvifor det gjekk som det gjekk. Han påstod han hadde blitt råka av "lungebrokk".

-Kva betyr det?

-Ingen kommentar. No er me ute. Det er vinn eller forsvinn.

Vinden på Kuventræ auka no på og spelarane på MacGyvers vart spreidd for alle vindar.