Os-spelarane var glade for sigeren, men ikkje stolte over prestasjonen. Os-trenar Kenneth Husebø vil fokusera på det positive og ta det med vidare i utviklinga av "det nye laget".
Os-spelarane var glade for sigeren, men ikkje stolte over prestasjonen. Os-trenar Kenneth Husebø vil fokusera på det positive og ta det med vidare i utviklinga av "det nye laget".

- Me må spela betre enn dette for å kunna utvikla laget

Os gjekk sigrande ut av duellen mot Eid, trass ei svak framsyning.

Det blei ein tett, jamn og tøff kamp mot Eid i Oshallen i dag. Laga veksla på å leia heile vegen inn. Då sluttsignalet gjekk, var det Os-herrane som kunne jubla for ein 23-21-siger.

- Det var langt i frå ein god kamp. Me har mange unge spelarar, og det er tøft for 16 og 17-åringar å spela seniorhandball. Me må òg bruka litt tid på å få i gang godt spel og skapa relasjonar. Neste sesong trur eg spelet vil sitja mykje betre. Målet i år er topp seks, slik at me får plass i den nye 3. divisjonen, som vil halda eit høgare nivå enn årets, seier Os-trenar Kenneth Husebø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tenkjer langsiktig

Om denne kampen hadde enda med tap, ville Husebø tatt store delar av ansvaret.

- Me tenkjer heller langsiktig kontra kortsiktig gevinst. Desse unge spelarane må få sjansen til å utvikla seg. På slutten tek eg nokre bevisste val for å ri kampen i land, men filosofien er at me må tåla nokre dårlege resultat for å kunna utvikla spelarar på sikt. Når det er sagt, så må me spela betre enn me gjorde i dag for å få noko som helst form for utvikling av laget.

Bortelaget gjekk tom for spelarar

Bortelaget hadde med seg få innbytarar. I løpet av kampen måtte fleire av dei gå av banen med ulike skadeproblem. I ein periode spelte Os med ein mann meir på banen, då ein av Eid-spelarane hadde fått seg ein smell i andletet, og måtte av banen. Dei hadde nemleg ikkje fleire spelarar att på benken. Likevel, klarte ikkje Os å skaffa seg ei luke.

Det var mykje frustrasjon ute og gjekk i dagens kamp, som her då Trygve Lerch Dahl mista ballen.
Det var mykje frustrasjon ute og gjekk i dagens kamp, som her då Trygve Lerch Dahl mista ballen.

- Me er ikkje taktisk smarte nok i periodar. Me har nokre sjansar til å gå opp i ei tre-måls-leiing, men kastar bort ballen, og dei går i angrep og reduserer i staden. Det er greitt når ein 16-åring kastar bort ballen eit par gonger, men ikkje om ein rutinert 30-åring gjer det, seier Husebø og smiler.

Fulltalig tropp

Neste helg ventar borteoppgjer mot Sotra. I månadene som kjem har Os eit tett kampprogram.

- Me har spelt litt færre kampar enn dei andre. Me har nokre spanande månader i møte, seier Husebø.

Spelarane er einige i at dette ikkje var ein kamp å skryta av. Trenar Husebø vil fokusera på det positive, og jobba med det. Han kan også gleda seg over fulltalig tropp.

- Me har trent godt i det siste, og er fulltalig på trening. Det er kjekt, for då er det lettare å utvikla spelarane og laget vidare, seier han.