Anders Mol (t.v.) og Christian Sørum er tidenes mestvinnande norske lag i verdsserien.
Anders Mol (t.v.) og Christian Sørum er tidenes mestvinnande norske lag i verdsserien.

Mol og Sørum vann prøve-OL i Tokyo

Anders Mol og Christian Sørum gjekk heilt til topps i firestjernersturneringa i Tokyo i helga. Same stad skal det kjempast om OL-medaljar neste sommar.

– Vi tek med oss mange gode erfaringar inn mot OL til neste år. Det var veldig viktig for oss å ta denne turen her, og koma så langt som vi gjorde, sa Anders Mol til VG kort tid etter finalen mot tyskarane Nils Ehlers og Lars Fluggen.

Det var tyskarane som kom best i gang i begge dei to setta. Men Mol og Sørum slo tilbake, og vann 21–17 og 21–18.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sigeren i Tokyo var sandvolleyballduoens niande turneringssiger denne sesongen. Frå Tokyo går turen rett vidare til Wien, der paret skal delta i ein femstjernersturnering.

Fire turneringar gjenstår før årets sandvolleyballsesong er over: Wien, EM i Moskva, Oslo og Roma.

– Det har vore ganske tøft. Mykje reising og mange kontinent. Ein kjenner det på kroppen. No er det Wien neste veke, det er ein kjempestor turnering, kanskje den største etter VM, så det er lett å motivera seg, seier Mol til VG.

camilla.kvamme@osogfusa.no