Os-trenar Trond Førde Eriksen har trena Sotra-damene tidlegare og veit at bortekampen på laurdag ikkje vert nokon lett match. (Arkivfoto)
Os-trenar Trond Førde Eriksen har trena Sotra-damene tidlegare og veit at bortekampen på laurdag ikkje vert nokon lett match. (Arkivfoto)

Møter eit langt tøffare lag

For tre veker sidan slo dei Sotra 2 30-19. Laurdag møter Os-damene første-laget.

- Me kan ikkje rekna med kvalik-kampen til NM. Då møtte me eit tilnærma andrelag. No laurdag må me vera budd på heilt annan motstand, åtvarar Os-trenar Trond Førde Eriksen før Os-damenes første seriekamp borte mot Sotra laurdag.

Tøff opning

Den nye trenaren veit kva han snakkar om. Førde Eriksen har trena damelaget til Sotra tidlegare, og veit at dei har eit sterkt mannskap.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei hadde eit bra lag i utgangspunktet, men i sommar har dei henta fleire forsterkningar. Utan å vita heilt korleis 2. divisjons-nivået vert denne sesongen, så reknar eg Sotra-laget blant topp-tre-favorittane, seier Førde Eriksen.

Etter at sotrabuane gjekk på eit uavgjort-resultat i opningskampen sin mot Gneist tidlegare denne veka, reknar han med å møta ein revansjesugen gjeng.

- Me må vera budde på det. Dessutan veit eg at Sotra-damene er blant dei som trenar hardast i divisjonen, så eg skal i alle høve gjera mitt for at me ikkje skal ta for lett på utfordringa, seier Os-trenaren.

Nær full tropp

Utanom Elise Hjelle og sjuke Tiril Grønvigh stiller Førde Eriksen og assistent-trenar Gitte Torp med sitt beste mannskap.

- Elise har slitt med ein skade og keeper Tiril har vore sjuk denne veka. Elles skal alle vera fit for fight.

- Kva har de fokusert mest på no før serieopninga?

- Aller mest på forsvarsarbeid. Det å jobba godt kollektivt og gjera sidekvinna god. I tillegg har me øvd på å få flyt og fart i ankomstspelet. Eg trur me skal vera bra førebudd, seier Førde Eriksen.

Årets første heimlege seriekamp går neste søndag. Då tek Os-damene imot Fana.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os-herrane serieopnar borte mot BI komande tysdag. Neste laurdag spelar dei årets første heimekamp. Gjestande lag er Gloppen.