Båe lag skapte mange sjansar, men berre to av dei gjekk i gållen.
Båe lag skapte mange sjansar, men berre to av dei gjekk i gållen.

Nervedrama på Kuventræ

Hassan El-Fakiri kallar møtet mellom Sotra og Os for ein stillingskrig. Høg intensitet gav fleire fall og gule kort, og kampen endte uavgjort.

Os gjekk opp i leiinga i første omgang, men Sotra kontra snart og stillinga stod 1-1 til pause. I andre omgang vart det dermed om å gjera å bli førstemann til to. Dette gav ein svært intens spelestil, der kontring følgde på kontring.

Ein tøff motstandar

Mykje stod då også på spel for båe laga. Os kjente på tapet for Bjarg sist runde, og behovet for oppreisning. Men Sotra låg på 3. plass med 26 poeng, og var ein tøff motstandar. Til tider hadde dei også ein ganske lik spelestil som Os. Resultatet vart ein del stygge taklingar og i slutten av andre omgang hagla det med gule kort ein periode. Den nye spissen, Havsås, gjorde seg bemerka og skapte mange sjansar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Intens kampslutt

Dei siste ti minutta verka det som om Sotra gira opp eit gir, medan ein del av osingane prøvde å halda på det eine poenget. Mykje av spelet skjedde i denne perioden på osingane sin banehalvdel, men keeperen stod støtt og marginane gav ikkje dei besøkande noko andremål. Kaptein Torkel Hjertnes stod på til siste slutt, og gav osingane ein siste målsjanse like før slutt - men det rann ut i sanden. Han pådrog seg også eit gult kort i kampens siste minutt - før dommaren blåste av. Innsatsen var det ingenting å seia på.

Venta på feil

Etter kampen uttalte Hassan El-Fakiri til «Os og Fusaposten» at kampen hadde vore som ein stillingskrig. 

- Heile kampen vart som ein stillingskrig, og eg trur Sotra venta på at me skulle gjera feil når me spelte vårt spe med kontringar. Alt i alt var det ein grei kamp idag, men eg skulle jo ønska at nokre av dei store sjansane me hadde gjekk i mål, sa trenaren. 

Det var godt med publikum på stadion
Det var godt med publikum på stadion
Den nye spissen gjorde seg bemerka.
Den nye spissen gjorde seg bemerka.
Kaptein Hjertnes stod på til siste slutt. Her frå kampens siste sjanse.
Kaptein Hjertnes stod på til siste slutt. Her frå kampens siste sjanse.