Viktor Hjelle var godt nøgd med kabelbanen utanfor Skien. Med mange rails og hopp fekk han godt med høve til å visa skilsa han har øvd inn i Spania.
Viktor Hjelle var godt nøgd med kabelbanen utanfor Skien. Med mange rails og hopp fekk han godt med høve til å visa skilsa han har øvd inn i Spania.

NM-sølv til Viktor

14 år gamle Viktor Hjelle tok laurdag ettermiddag sølv i junior boys-klassen i NM i wakeboard utanfor Skien.

Dei siste to åra har 14-åringen budd i Alfaz Del Pi i Spania i lag med familen. I halvanna år har han gått fast å trena wakeboard-køyring i feriebyen Benidorm, like ved.

– Han har trena fast og trutt det siste halvanna året. Viktor er frå før av veldig glad i å stå på ski, så wakeboard-sporten passa han veldig bra, fortel pappa Tommy Hjelle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Supernøgd

Viktor konfirmerte seg i vår i Spania. Sist helg markerte han skrittet inn i dei vaksnes rekkjer med konfirmasjonsfest hjå besteforeldra sin bustad i Eikelandsosen. Til festen kom hovudpersonen sjølvsagt surfande på wakeboard bak ein susande båt.

– Det var veldig kjekt for Viktor å få delta i NM. Meisterskapen gjekk av stabelen i Nordsjø kabelpark utanfor Skien. Dette er eit anlegg som det vart arrangert VM på i 2014 og følgjeleg veldig bra og moderne, fortel pappa Hjelle.

Hovudpersonen var sjølvsagt nøgd med resultatet.

Viktor Hjelle in action på Nordsjø feriesenter utanfor Skien.
Viktor Hjelle in action på Nordsjø feriesenter utanfor Skien.
Ein strålande nøgd osing med NM-sølvet rundt halsen. (Privat foto)
Ein strålande nøgd osing med NM-sølvet rundt halsen. (Privat foto)
Ein strålande nøgd osing med NM-sølvet rundt halsen.
Ein strålande nøgd osing med NM-sølvet rundt halsen.

– Han kvalifiserte seg til finalen som ein av sju. I finale fekk dei to run. Viktor køyrde godt og sikkert og tok altså andreplass i klassen for junior boys, fortel faren.

Feira med familien

Etter endt innsats fekk Viktor feira sigeren i lag med mor og far og bestemor og bestefar frå Fusa. Heile gjengen såg hans to gode run frå stranden då 14-åringen køyrde seg til sitt høgst fortente NM-sølv.