Innehavar av Trivselsstallen i Lysefjorden, Dorthe Reimer Haga, gler seg over at dei no skal få tribune til utendørs ridebanen.
Innehavar av Trivselsstallen i Lysefjorden, Dorthe Reimer Haga, gler seg over at dei no skal få tribune til utendørs ridebanen.

– No blir det tribune

Snart blir det endå kjekkare for publikum å følgja rideglade born og unge i Lysefjorden.

Ridebanen i hallen har alt tribune, og no kjem det også tribune på utebanen i Lysefjorden. Nyleg var Dorthe Reimer Haga, som driv Trivselsstallen i Lysefjorden, på Grand Hotell Terminus i Bergen, der ho fekk ein sjekk på 25.000 kroner av Sparebankstiftelsen SR-Bank.

– Det var mange som fekk tildelt pengar. Blant andre oss. Vi søkte om 25.000 kroner og fekk det, seier Dorthe, som er stornøgd med at dei no får seg tribune.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tilskotet er ikkje nok til å fullfinansiera tribunen, men det hjelper oss godt på veg. Totalt kjem han til å koma på 35.000 kroner. Arbeidet vil bli gjort på dugnad, fortel Dorthe.

Det er tydeleg at dugnadsånda er sterk i og kring rideklubben og Trivselsstallen. For nesten nøyaktig eitt år sidan, var ordførar Marie Bruarøy på plass for den offisielle opninga av servicebygget (bak Dorthe i biletet).

– Alt blei gjort på dugnad. Der har vi kontor, toalett og garderobe og kafé, seier Dorthe.