Sverre Lunde Pedersen er velkomen til å trena på Ulven leir sitt område på Ulvensletta.
Sverre Lunde Pedersen er velkomen til å trena på Ulven leir sitt område på Ulvensletta.

No kan Sverre trena på Ulven

Saka nådde riksmedia då Sverre Lunde Pedersen fekk marsjordre frå Ulvensletta i sommar. No vert han ønskt velkomen tilbake.

Det var i slutten av juli at vaktene ved Ulven leir nekta landslagsutøvaren å trena på asfalten på andre sida av vegen for Ulven leir. Skeiseløparen, som hadde trena der mange gonger tidlegare, fekk då beskjed om å ta med seg rulleskeisene og finna seg ein annan plass å rulla rundt.

- Det var både rart og overraskande å bli sendt bort. Eg trudde ærleg talt ikkje at det var så farleg om eg trena på området - sjølv om det tilhøyrer militæret, seier Lunde Pedersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skuffa og irritert gjekk han heim og la ut ein småsur twitter-melding om smålege Ulven leir som ikkje ville la ein stakkars skeiseløpar få ta seg nokre økter på området.

Godkjent løyve

Reaksjonane lét ikkje venta på seg. Seinare på dagen nådde saka riksmediene. Først ut var Aftenposten, deretter Dagbladet og bergenspressa. Leiinga ved Ulven leir måtte ut og forklara seg.

- Me svara då, som me gjer i dag at me har eit ansvar for området her, og at me ikkje kan tillata at folk kjem og går som dei vil på Ulvensletta. Folk tenkjer kanskje at dette området ikkje er i bruk, men det er det - stadig vekk, konstaterer Orlogskaptein og sjef i HOS driftsavdeling, John-Fredrik Honningsvåg.

På onsdag trena Sverre utanfor Lidl-lageret. Her køyrde han 4 x 10 minutts-økter på ein vel 200 meter lang bane.
På onsdag trena Sverre utanfor Lidl-lageret. Her køyrde han 4 x 10 minutts-økter på ein vel 200 meter lang bane.
Det går nokre rulleskeisehjul i løpet av sesongen. Her fiksar Sverre utstyret før økten ved Lidl-lageret.
Det går nokre rulleskeisehjul i løpet av sesongen. Her fiksar Sverre utstyret før økten ved Lidl-lageret.

Han fortel vidare at dei som vil nytta området må gjera ting i rett rekkjefølgje. Søkja og venta på løyve.

Sverre Lunde Pedersen har no gjort nettopp dette. Skeiseløpraren har fått innvilga søknad, og er glad saka har fått ei lukkeleg løysing.

- I sommarsesongen har eg to plassar som er idelle for rulleskeise-trening - på asfalten her ved Ulven leir og på parkeringsplassen framfor Lidl-bygget. No er det knapt med veker igjen av rulleskeise-sesongen, men det er godt å vita at eg frå no av har ein grei avtale med Ulven leir, seier Sverre.

Honningsvåg presiserer at det for Sverre og andre brukarar også følgjer eit par kriterium.

- Me har gjeve Sverre løyve til å trena på området vårt, under føresetnad av at han melder seg i vakta før og etter trening, og at han tek omsyn til øvrige sivile turbrukarar og militær aktivitet på området, seier Honningsvåg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han synest at saka fekk vel mykje merksemd i sommar.

- Me var ikkje urimelege med Sverre. Me konstaterte berre at han, som andre, måtte be om løyve før han brukte området, seier Honningsvåg.

Gode langøkter

Då «Os og Fusaposten» var med Sverre til Ulvensletta på onsdag var det tett i tett med bilar på området. Grunna ein stor HM-øving var det ikkje høve for Sverre å trena her denne dagen.

- Det som eg likar med å trena her er at rundløypa er kring 1 km lang. Dermed får eg rikeleg med langsidetrening, og kan køyra lengre reine kondisjons-økter, seier Sverre.

Dermed vart det svingtrening på 24-åringen denne dagen. Turen gjekk til Lidl-bygget i Ådnadalen, der Sverre har trena jamt og trutt dei to siste sommar-sesongane.

- Her har me laga 200-meters bane. Den har relativt krappe svingar, så treninga her vert ganske annleis, forklarar osingen.

På onsdag vart det 4 x 10 minutts-økter.

- Det vert nok rundar til å bli svimmel av. Eg rekk vel ein 12-13 rundar på kvart intervall, fortel Sverre.

Artikkelen held fram under annonsen.

To meisterskap

Etter fleire år med bøttevis av fjerdeplassar tok han i fjor sin første seniormedalje i ein stor meisterskap. VM-bronsen i Calgary var høgst fortent og gav osingen godt med sjølvtillit inn mot oppkøyringa til årets sesong.

- Eg visste at det berre var eit tidsspørsmål før eg enda opp med medalje, men det var sjølvsagt utruleg herleg å endeleg stå der med metallet rundt halsen, seier Sverre mellom øktene utanfor Lidlbygget.

Han gler seg til å kjempa om fleire.

- I år er det enkeltdistanse-VM og allround VM som er dei store høgdepunkta. Enkeltdistanse-VM går i 12.-15. februar i Kollomna i Russland. Allround-VM går i Berlin 5.-6. mars, fortel han.

- Medalje-sjansane er store i begge meisterskapa, men i enkeltdistanse-VM trur eg at sjansane mine på dei tre andre distansane auker dersom eg droppar 10.000. Eg brann meg litt på å gå den distansen i fjor, vedgår Sverre.

Kick å vinna

- Men, gull då, er det realistisk å tenkja at 2015-2016 er sesongen då Sverre tek VM-gull?

- Ja, det er jo ikkje utenkjeleg. I enkeltdistanse-VM er nok sjansen størst på 1.500 m. På 5.000 m vert det rimeleg tøft dersom Sven Kramer er på startstreken, humrar Sverre.

Men fleire sigrar skal det bli.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var eit enormt kick då eg vann min første V-cup-siger på 1.500 m i Korea sist sesong. Eit naturleg mål i så måte må vera å vinna fleire løp i V-cupen. Det skal vera mogleg, seier han bestemt.

Hans første sjanse får han i sesongopninga i Calgary helga 14.-15. november. Deretter blir det ny V-cup-runde i Salt Lake City, før verdscup-sirkuset flyttar til Europa, der det startar i Inzell første helga i desember.