Stian Lunde har spelt spiss etter at han gjorde comeback som Os-spelar. I helga skåra han sitt første mål etter returen. (Arkiv
Stian Lunde har spelt spiss etter at han gjorde comeback som Os-spelar. I helga skåra han sitt første mål etter returen. (Arkiv

Nok ein god runde for dei lokale laga

Os held fram med å plukka tre-poengarar. Det gjer også fleire av dei andre lokale laga.

Os står no med fire sigrar på dei fire siste kampane, og ser ut som eit anna lag enn dei gjorde i store delar av vårsesongen. Det vart ein knapp siger mot Kopervik laurdag, men Os-kaptein Torkel Hjertnes fortel at dei var nærare 4-2 enn heimelaget var utlikning, om ein ser bort i frå at dei fekk ein gratissjanse frå krittmerket.

- Andrew (Todd, sisteskansen til Os journ.mrk) rota det til og laga straffespark. Men han gjorde det godt igjen med ein meisterleg redning, seier Hjertnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fortent siger

Os opna best og fekk ei fortent 1-0-skåring signert Rafael Villen.

- Han banka til på heil volley etter eit hjørnespark, og ballen gjekk "rett i noto", seier Hjertnes.

Kopervik utlikna med ei liknande skåring, før Kopervik skåra igjen, men denne gong i eige mål.

Stian Håvik skåra for Eikelandsfjorden mot Rosendal, Alexander Thuen putta fem(!) i Nore Nesets toppoppgjer mot Inter Bergen, og Stian Lunde sytte for 3-2-målet til Os i bortesigeren mot Kopervik.
Stian Håvik skåra for Eikelandsfjorden mot Rosendal, Alexander Thuen putta fem(!) i Nore Nesets toppoppgjer mot Inter Bergen, og Stian Lunde sytte for 3-2-målet til Os i bortesigeren mot Kopervik.

- Endre Brenne kom på eit flott initiativ, og serverte eit bra innlegg. Han fann ingen Os-spelarar, men Kopervik-spelaren, som var heilt upressa, klarte å setja ballen i eige mål, seier Hjertnes.

Det gjekk berre eitt minutt før heimelaget sette ballen i mål igjen, og det stod 2-2. Os-trenar Hassan El Fakiri måtte ut med skade ti minutt ut i andreomgang, og vart erstatta av Mass Lepsøe

- Mats hadde eit godt innhopp, og fekk målgivande då han spelte igjennom Stian Lunde, som sette ballen i mål med venstreslegga, og fastsette resultatet til 3-2, seier Hjertnes.

Til helga ventar heimekamp mot Vard Haugesund 2.

- Me tapte mot dei i vår, og er revansjesugne. Det er god stemning i laget. Hadde me spelt denne kampen mot Kopervik i vår, så kunne me fort enda opp med å avgje poeng, men no er me i flytsonen, seier Hjertnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sterk siger for damene

Like bra gjekk det ikkje for andrelaget til Os. Dei spelte borte mot Askøy søndag, og måtte reisa heim med 4-1-tap i sekken. Markus Sørås Bjørnevik skåra Os sitt mål.

Damelaget til Os/Nore Neset reiste til Myrdal kunstgras for å spela mot Åsane, som stod utan tap på heimebane før kampen. Rebecca Tveits to skåringar sytte for 2-1-siger for Os/ Nore Neset, og no ligg dei a poeng med nettopp Åsane, som toppar tabellen.

Tok eit sterkt bortepoeng

Det såg stygt ut etter 45 minutt for Søfteland i borteoppgjeret mot Loddefjord 2 søndag. Men etter kvilen reiste dei grøne og kvite seg, og fekk med seg eitt poeng.

- Dei hadde med mange førstelagsspelarar, og sprang oss i senk i førsteomgang, seier Søfteland-spiss Ramo Racic og held fram:

- Loddefjord leia 2-0, då me fekk sjansen til å redusera på straffespark kort tid før pause. Diverre bomma Øystein Wallevik. Etter pause gjekk me over til fire på midtbanen, og me såg mykje betre ut då.

Niklas Linde reduserte, før Loddefjord fekk seg ei billig skåring. Kenneth Veastad gav Søfteland håp om poeng med si redusering, og fem minutt før slutt fekk Søfteland igjen sjansen frå krittmerket.

- Dani (Bergstø journ.mrk) gjekk fram og sa at den skulle han ta. Han var sikker frå ellevemeteren, som vanleg. Han er ein kald fisk, seier Racic.

Oppgjeret endte 3-3, noko Racic meiner er rettferdig etter at laga hadde kvar sin omgang.

Artikkelen held fram under annonsen.

Thuen x 5

På Nore Neset var det duka for toppoppgjer mot Inter Bergen laurdag. Der var det aldri noko tvil om kvar poenga skulle gå. Heimelaget feide motstandarane av banen og gav seg ikkje før det stod 9-3 på måltavla. Alexander Thuen, som nyleg gjorde comeback, gjorde heile fem mål.

- Thuen putta to før det hadde gått to minutt, seier Arne Sælensminde.

Thuen fullførte hattricket før pause. Mål frå Audun Røren og Tore Tveit sytte for 5-2-leiing til pause. I andreomgang putta innbytar Remy Snilstveit og Thuen to kvar.

- Sett bort frå litt rusk på baklengsmåla, som alle kjem frå distanse etter unødvendige balltap, er eg strålande nøgd med laget, seier Sælensminde.

Nore Neset 2 tapte stort for Vadmyra 2 søndag, og blei dermed forbigått av motstandaren på tabellen. Nikolaj Biggom stod for Nore Nesets einaste mål i 5-1-tapet.

Slo nok eit topplag

Eikelandsfjorden skuffa ikkje dei mange publikumarane som tok turen til Rosendal fredag kveld, for å få med seg toppoppgjeret mot Rosendal. Petter Teige Nes skåra 1-0 for Eikelandsfjorden mot spelets gang, og gjorde at dei raude tok med seg ei 1-0-leiing til pause. Stian Håvika auka til 2-0 ti minutt ut i andre omgang. Rosendal reduserte ein gong, men kom ikkje nærare. Eikelandsfjorden gjekk dermed forbi Rosendal på tabellen, og har no slått to av topplaga på ei veke. Dei raude ligg likt med Øystese 2, tre poeng bak Trane som toppar tabellen.

Møter Brann 2

Lysekloster spelar borte mot Brann 2 i kveld på Nymark. Dei må vinna for å ta att Sotra, som vann 2-1 mot Vadmyra onsdag.