Håkon Fagerbakke Kvittingen har skrive under for Lysekloster.
Håkon Fagerbakke Kvittingen har skrive under for Lysekloster.

Nok ein Os-spelar har signert for Lysekloster

Håkon Fagerbakke Kvittingen har trent med munkane dei siste 14 dagane. No har han også skrive under for klubben.

Tidlegare i sommarsignerte Frode Øvredal for munkane. No er også kompisen hans klar for klubben.

- Eg har trent med dei i to veker og fått eit godt inntrykk av klubben, og ikkje minst av spelarstallen. Eg trur det kan bli ein kjekk haust, seier Kvittingen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Førebels har han berre meldt overgang. I løpet av hausten skal begge partane vurdera vegen vidare.

- Vi skal ta ei ny vurdering etter sesongen, seier Kvittingen.

Midtbane-krigaren har spelt for Os heile karrieren. Han medgjev at det er litt rart å ikkje skulla spela for moderklubben lengre.

- Det blir annleis. Det er ingen sure miner mellom meg og dei i Os, men slik situasjonen min blei etter kvart, er dette det beste alternativet, seier Kvittingen.

Aggressiv og hardtjobbande

Svein Kollen i Lysekloster Idrettslag stadfestar at dei signerte Kvittingen på laurdag.

- Håkon har gjort seg fortent til ein plass i stallen etter inntrykket vi har fått av han på trening dei siste vekene, seier Kollen og held fram:

- Vi har mange ulike typar spelarar i laget, og Håkon er ein vi har vore på utkikk etter. Han er aggressiv og hardtjobbande. Han vil nok bruka tid på å omstilla seg til vårt system, men vi trur at han kan passa inn.