Tek juleferie: NN IL har gjennom heile pandemien jobba hardt for å oppretthalda aktivitet for born og unge.

Nore Neset IL avlyser alle aktivitetar ut året

Hovedstyret i Nore Neset Idrettslag fatta vedtaket fredag kveld.

Berre nokre timar etter at KKL fredag ettermiddag kom med ei tilråding om å avlysa alle fritidsaktivitetar for born og unge fram til jul, kom responsen frå Nore Neset Idrettslag:

— I samsvar med melding frå Kommunal kriseleiing i ettermiddag, og ytterlegare avklaring med assisterande kommuneoverlege Jonas Dale, har hovedstyret i Nore Neset Idrettslag i kveld fatta vedtak om å avlysa all organisering, trening- og kampaktivitet i regi av idrettslaget ut året.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dagleg leiar: Eirik André Hesthamar og resten av hovudstyret tok avgjerda fredag kveld.

Born og unge gjennom pandemien

I fylgje NN IL har dei gjennom heile pandemien jobba hardt for å oppretthalda aktivitet for born og unge.

— Samtidig har vi heile vegen lytta til dei råda vi har fått frå lokal kommuneleiing. Det gjer vi også no.

Råda NNIL har fått, gjeld fritidsordningar og akademi.

— Føresette som har kritiske samfunnsfunksjonar, og som er avhengige av idrettslaget sitt tilbod fram mot jul, bes melda dette til idrettslaget innan søndag klokka 16:00 til dagleg leiar.