Lokale lag: Os & Fusaposten skal senda alle kampane med lokale lag som vert gjort tilgjengelege for oss.

Norway Cup: Os & Fusaposten sender kampar direkte

Søndag startar verdas største fotballturnering for barn og unge. Os & Fusaposten sender fleire kampar direkte.

I samarbeid med Amedia og Norway Cup-arrangør Bækkelaget SK, vil Polaris Medias mediehus senda fleire hundre kampar frå verdas største fotballturnering for barn og unge.

Os & Fusaposten skal senda alle kampane med lokale lag som vert gjort tilgjengelege for oss. Kampane kan du sjå på osogfusa.no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjå sendeskjema nedst i saka og blink deg ut dine lag:) Ps: Vi lagar eigne saker på osogfusa.no med link til sendinga før kvar kamp. Kampane vert også lagt ut i opptak!

På osogfusa.no vil me i tillegg ha ein eigen kanal som viser utvalde kampar, høgdepunkt og intervju gjennom heile dagen og natta.

Les også
Os Turn gjer nok ein gong eit stort inntog på Norway Cup

– Vi er veldig glade for å kunna gje dette tilbodet til våre mediehus slik at dei kan visa lokale lag i aksjon i denne store turneringa, seier prosjektleiar Stig Vågnes.

Han har med seg 15 medarbeidarar frå konsernet som skal arbeida under Norway Cup.

Os & Fusaposten vil også senda kampar frå finalespelet dersom lokale lag tek seg vidare og desse kampane vert tilgjengelege. Meir informasjon om tidspunkt for desse kampane kjem etterkvart som dette vert klart.

– Det er nokon som er skeptisk til strømming av barneidrett?

– Det stemmer, og vi har tatt nødvendige forholdsreglar i forhold til personvern og vi følgjer retningslinjene frå Datatilsynet og tilrådingane frå Norsk Redaktørforening. Norway Cup har sendt ut samtykkeskjema til alle lag og desse blir følgt opp. Det har vore ein diskusjon mellom NIF og Mygame om bruk av automatiserte AI-kamaera, men vi bruker bemanna kamera, kursa kommentatorar som fokuserer på det positive i idretten, og ansvarlege redaktørar som vurderer det journalistiske innhaldet, seier Vågnes.

Sendeskjema:

Artikkelen held fram under annonsen.

Søndag kl 15:30 J16 Nore Neset IL/Os-Stabæk

Søndag kl 17.45 G19 Blindheim IL-Os 2

Måndag kl 8 G15 Elverum-Eikelandsfjorden IL

Måndag kl 13:30 G15 Kvik Halden-Os 1

Måndag kl 15.30 J16 Bryne-Nore Neset IL/Os

Måndag kl 17 J19 Os/Nore Neset-Tertnes

Tysdag kl 9 G15 OS TF 2-Asker SKK

Tysdag kl 11 G19 Os 2-Rørvik IL

Artikkelen held fram under annonsen.

Tysdag kl 13.30 G16 Os 2-Valder IL

Tysdag kl 16.30 G17 Stryn IL-Os

Tysdag kl 17.45 G19 Os 1 - Østsiden Askøy FK

Tysdag kl 20 G15 Eikelandsfjorden IL-Rælingen

Ps: Det er desverre ikkje alle lag frå Bjørnafjorden som så langt har fått TV-tid i oppsettet Os & Fusaposten har tilgang til gjennom samarbeid med Polaris Media.