OL-fest på storskjerm: Gjekk knappe seks dagar frå idé til handling
I dag vert det OL-fest på storskjerm i Strandvik når Noregs og bygdas store gullhåp skal i aksjon.
Peter-Hans de Zwarte og Strandvik IL fekk enorm respons på ideen om å visa OL på storskjerm i Strandvikparken.
– Med 24 flotte sponsorar på laget, var det inga problem for Strandvik Idrettslag å realisera prosjektet. Det gjekk berre seks dagar frå idé, til at storskjermen var på plass, ifølgje De Zwarte.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rigginga er det Fusa Lyd & Lys som har stått for, og skjermen er alt nytta til fleire filmar på utekino og handballdamenes kamp mot Nederland i OL.
I dag ynskjer idrettslaget alle velkomne til parken kl 15, og åttandedelsfinalen i OL mellom Anders Mol/Christian Sørum og Alexander Brouwer/Robert Meeuwsen. Nederlendarane er på 6. plass på verdsrankinga der Mol/Sørum er nummer to.
Nederlendarane har vunne seks av ti tidlegare møte, men nordmenna har vunne dei tre siste oppgjera, seinast i prøve-OL i Tokyo i juli 2019.