Sverre Lunde Pedersen kjem til Telthusplassen for å opna barneskeisebanen 26. november, mellom to utanlandsopphald. (Arkivfoto)
Sverre Lunde Pedersen kjem til Telthusplassen for å opna barneskeisebanen 26. november, mellom to utanlandsopphald. (Arkivfoto)

Opnar skeisebane i sentrum

Gjennom heile desember vil ein kunna stå på skeiser på Telthusplassen i Os sentrum. Ingen ringare enn Sverre Lunde Pedersen kjem for å opna banen laurdag 26. november.

- Du kan seia at skeisebanen er eit resultat av Julefestivalen, ja, seier kulturkonsulent i Os kommune, Kjetil Osablod Grønvigh og held fram:

- Idéen kom opp under det første komitémøtet. Eg har jobba med å finna ut om dette let seg gjera, og Google er eit godt verktøy, skal eg seia deg. Eg fann fleire eksempel på at slikt er gjort, og kan dei gjera det i Oslo, så kan vi gjera det i Os også, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

35 kvadratmeter bane

Øyvind Gjerde i kultureininga i Os kommune spelte inn om ikkje dei skulle forsøka å få Sverre Lunde Pedersen til å opna banen. Dei gjorde eit forsøk, og det viste seg at skeise-esset frå Os hadde tid i ein travel kvardag.

- Det er ei meining med alt her i livet. Vi hadde funne på noko anna kjekt om ikkje Sverre kunne, men det er sjølvsagt ekstra stas når ein som har lukkast på innan dette segmentet kan ta dei første fem- eller sjumetrane på denne banen, seier Grønvigh.

Banen blir om lag 35 kvadratmeter på Telthusplassen i Os sentrum, bak Jernia Sælen og Optiker Bakketeig.

- Banen er pent brukt, og kan brukast om att og om att. Det er kvadratmeterstore flak, som ein brukar ein spesialhammar for å slå saman. Eit puslespel for vaksne, seier Grønvigh og smiler.

- Banen må bonast med jamne mellomrom, og har 95% glieffekt i høve vanleg is, men til forskjell frå vanleg is, så vil ikkje denne råtna.

- Eit kjekt tilbod

Skeisesesongen er i gang for Lunde Pedersen. Han fortel at dei var heldige med tidspunktet for opninga av banen.

- Eg kjem att frå Japan måndag den veka, og reiser til Kasakhstan tysdagen etter. Både eg og dei var heldige med tidspunktet. Eg synest det er kjekt at dei kjem med eit slikt tilbod til. Eg har ikkje mykje erfaring med slik is, og eg veit heller ikkje kor stor han blir, men det er kjekt at dei ønskjer å laga vinterstemning i sentrum, seier Lunde Pedersen.

- Trur du at dette er noko du ville sett pris på om du fekk eit slikt tilbod når du var born?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det trur eg. Det er nok lett å få med seg vener og leika der. Det er i alle fall eit godt tilbod om det ikkje er is på vatnet, seier Lunde Pedersen.