At sponsorane "kom på banen", har sjølvsagt vore viktig for å få kunstgrasbanen realisert. På opningsdagen laurdag fekk folk sjå kven dei var.
At sponsorane "kom på banen", har sjølvsagt vore viktig for å få kunstgrasbanen realisert. På opningsdagen laurdag fekk folk sjå kven dei var.

Opning av kunstgrasbanen

- Vil ein ha eit tilbod, så må ein vera villig til å yta, sa Richard Markhus, under den offisielle opninga av kunstgrasbanen i Eikelandsfjorden laurdag.

Eikelandsfjorden musikklag spelte opp med forfriskande marsjmusikk under seremonien på laurdag. Mellom tilskodarane var fylkesidrettssjef Britt Karen Spjeld. Spjeld fortalde at idrettsparkar var noko fylket hadde jobba med i fleire år.

- Me er interesserte i mest mogeleg aktivitet både på dagtid og ettermiddagstid, både for organisert og uorganisert idrett, sa Spjeld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho såg for seg at idrettsparken kom til å bli ein fin møteplass med tanke på ny bane, symjehall, skatepark - og trimløype, jungelløype og idrettshall som er i kjømda.

- Det som er bra, er at ein her har tenkt heilskapleg og trinnvis for å få dette realisert. Idrett, kommune og private aktørar har gått i lag, utan dette samspelet hadde ein ikkje fått det til. Eg er imponert, sa Spjeld.

Spark i grusen

Leiar i Eikelandsfjorden idrettslag Richard Markhus ønskte dei frammøtte til lukka med dagen.

Dagens mann. Sjølv om mange har vore med på dugnaden, og trass i heimesiger under fotballkampen etterpå, var vel Richard Markhus dagens vinnar, med ordførar Hans S. Vindenes som ein god nummer to.
Dagens mann. Sjølv om mange har vore med på dugnaden, og trass i heimesiger under fotballkampen etterpå, var vel Richard Markhus dagens vinnar, med ordførar Hans S. Vindenes som ein god nummer to.
Det er ikkje berre fotballbanen som er blitt oppgradert - det er også talet på linselus.
Det er ikkje berre fotballbanen som er blitt oppgradert - det er også talet på linselus.
Dei frammøtte kunne fråtsa i kaker, bollar og kaffi etter festtalane.
Dei frammøtte kunne fråtsa i kaker, bollar og kaffi etter festtalane.

- Tilbake i 2011 stod me her nede og sparka i grusen, men heldt no liv i laget, fortalde Markhus.

Prosessen fram til ferdig bane hadde teke fleire vendingar. Banen hadde utløyst eit engasjement som ein ikkje hadde sett maken til på fleire tiår.

- Fram til no har det vore 2.300 timar med dugnad, sa Markhus, og drog fram dei som hadde site i styret: Håvard Ragnhildstveit, Arnt Ove Lundervik, Helge Mjånes, Janne Samnøen, Tone Osebakken, Merete Midtrød, Marit Kjosås Berge, Nils Petter Borge og Rune Helland.

Bjarne Graabræk frå Hordaland fotballkrins hadde gjennom Mohn-fondet bidrege med ein halv million kroner.

- Men eg blir audmjuk når eg høyrer talet på dugandstimar, for verdien av det er vesentleg større, sa Graabræk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nordtveit og Tonning

- No er det Eikelandsfjorden som er storebror, som me i dei andre klubbane skal trena opp talent til, sa ein annan av sponsorane, Mikal Leigland.

Leigland understreka ansvaret for korleis talent skulle koma seg vidare til Os og Bergen og endå lenger. Han framheva Kine Tonning som spelar på det leiglandsponsa Sandviken fotball, som hadde fusingen som trenar.

Ordførar Hans S. Vindenes var også i godlune.

- Dette er ein stor dag for fotballen i heile kommunen. Når eg tenkjer på det som har - og skal skje i åra som kjem, så blir eg lite granne stolt, sa Vindenes.

Han gav blomekvast til Markhus som hadde fått jobben gjort.

- De har gjort ein kjempejobb og det skal de vera kry av, meinte Vindenes.

Å yta

Då opningsseremonien var vel overstått, kunne Markhus pusta letta ut.

- Det har vore fantastisk men mykje arbeid. Men no er det berre ein fest, sa han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Markhus snakka engasjert om frivillig arbeid og at ein måtte få ungdomen med i styre og stell så dei fekk eigarskap. Dugnad var viktig, også for å halda ting som symjehallen open.

- Vil ein ha eit tilbod, så må ein vera villig til å yta, avslutta Richard Markhus.