Representantar frå Os TF Fotball, saman med kommersiell direktør i NFF, Erik Loe, og sponsorsjef i BAMA, Odd-Bjørn Hjelmeset.
Representantar frå Os TF Fotball, saman med kommersiell direktør i NFF, Erik Loe, og sponsorsjef i BAMA, Odd-Bjørn Hjelmeset.

Os plukka ut som Eat Move Sleep-ambassadør i 2017

Som éin av 35 klubbar i landet har Norges Fotballforbund (NFF) og BAMA valt Os Fotball til Eat Move Sleep-ambassadør i 2017. Sunn livsstil hos born og unge er éin av fleire ting som dei utvalde klubbane kjem til å fokusera på.

Jostein Halland

Artikkelen held fram under annonsen.

jostein@osogfusa.no

Det opplyser Norges Fotballforbund i ei pressemelding.

- Som største særforbundet i Norge, er det viktig for NFF å inspirera og informera aktive, foreldre og frivillige som er involvert i fotballen, til å gjera sunnare val både på og utanfor banen, heiter det i pressemeldinga.

I utveljinga av Eat Move Sleep-ambassadørar, blei det blant anna lagt vekt på kva klubbane aktivt skal gjera for å spreia bodskapen om Eat Move Sleep.

- NFF er imponert over innsatsen som Os Fotball har gjort for å formidla Eat Move Sleep-bodskapen til spelarar, foreldre og nærmiljø, seier NFFs generalsekretær Pål Bjerketvedt.

Klubben får skryt for å ha jobba solid og engasjerande for Eat Move Sleep i 2016, og Bjerketvedt gler seg til å følgja klubbens vidare utvikling.

- Det er sjølvsagt at Os Fotball skal vera med når vi no byggjer ut konseptet. Dette for at fleire kan se det verdifulle i sunn mat, rørsle og nok søvn, påpeikar han.

Bjerketvedt framhevar også at Os skal arrangera ein eigen Eat Move Sleep-fotballcup. Her vil både spelarar og foreldre læra seg kor viktig det er nettopp å ha eit sunt og godt kosthald, nok fysisk aktivitet og god søvn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fakta: Eat Move Sleep

Eat Move Sleep er eit konsept frå NFF og BAMA, i samarbeid med EAT Foundation.

Eat Move Sleep har samla dei tre kjente elementa og gjort informasjon lettare tilgjengeleg. Målet er å inspirera folk til å gjera betre kosthaldsval, vera meir aktive fysisk og få betre søvnvaner.

Som del av konseptet deler fotballklubbar kunnskap som klubbanes spelarar, medlemer og støttespelarar kan ha glede av, ikkje berre på idrettsfeltet, men også på andre arenaer som skule, jobb og fritid.