Lysekloster og trenar Ruben Hetlevik er i rute og held stand i toppen av tabellen.
Lysekloster og trenar Ruben Hetlevik er i rute og held stand i toppen av tabellen.

Seier i ´nabooppgjøret´

Lysekloster reiste over fjellet til Fana i ettermiddag. Heim igjen hadde dei med seg tre poeng og ei topp tre-plassering på tabellen.

Skåringa i laurdagens kamp kom allereie etter 12 minutt ved Vladan Radojkic.

Lysekloster står no med sju poeng på tre kampar. Brodd og Fyllingsdalen på høvesvis første- og andreplass på tabellen har 10 poeng med ein kamp meir spelt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Neste laurdag tek munkane imot Vardeneset heime på Lysekloster, før Brann 2 ventar i Bergen halvannan veke etter det.

Desse spelarane starta ettermiddagens kamp:

Kjetil Hansen

André Pouca Roupa de Matos

Mats Joachim Walberg (kaptein)

Thorvald Modahl Trætteberg

Denis Ljubovic

Eirik Rode

Artikkelen held fram under annonsen.

Mohammad Hasan Rahmani

Rune Johan Åsheim Mo

Kristoffer Østervold

Vladan Radojkic

Stian Lønne Dyngeland