Sverre Lunde Pedersens rekordløp heldt til ein femteplass i Salt Lake City.
Sverre Lunde Pedersens rekordløp heldt til ein femteplass i Salt Lake City.

Sette ny, norsk rekord!

Sverre Lunde Pedersen sletta Håvard Bøkkos norske rekord på 5000 m i Salt Lake City i går.

Osingens rekordløp heldt til ein femteplass.

– Å avslutta her borte med å ta den norske rekorden på 5.000 meter gav ein god følelse og viser at eg absolutt er med. Sjølv om det blei femteplass, var det kort veg til andreplassen, seier Pedersen til BT.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den nye rekorden lyder på 6.07,61.

Aller raskast gjekk Sverres parkamerat, Ted-Jan Bloemen, som suste inn til ny verdsrekord med 6.01.86, som er nær to sekund raskare enn Svenn Kramers gamle rekord.

jostein@osogfusa.no