Lysekloster-keeper, Kjetil Hansen, skal få kjenna på nivået i eliteserien. Neste måndag reiser han nordover for å trena med eliteserielaget Ranheim i tre dager.
Lysekloster-keeper, Kjetil Hansen, skal få kjenna på nivået i eliteserien. Neste måndag reiser han nordover for å trena med eliteserielaget Ranheim i tre dager.

Skal trena med Ranheim i tre dagar

Kjetil Hansen har vore på benken i dei to siste Lysekloster-kampane. Neste veke reiser han nordover for å trena med eliteserielaget Ranheim.

– Eg kjenner keepertrenaren til Ranheim, Arne Cato Gellein. Vi samarbeider om promotering av keeperhanskar frå merket KLA, og eg snakkar mykje fotball med han, fortel Hansen.

Ikkje eit prøvespel

Dei to har over tid snakka om høve for at Hansen kunne ta ein tur til klubben for å trena med dei, og no passa det.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje eit prøvespel for klubben, men eg ønskjer sjølvsagt å visa meg best mogleg fram. Hovudgrunnen til besøket er at eg skal få kjenna på nivået og hausta erfaringar som eg kan ta med meg heim og bruka i treningskvardagen, seier Hansen og legg til:

– Vi har nokre dagar treningsfri i Lysekloster. Eg har snakka med Ruben (Hetlevik, journ.mrk.) og han var positiv til at eg skulle reisa, seier Hansen.

Luksusproblemet til Lysekloster

Lysekloster-trenaren stadfestar at han har gjeve grøntlys til Hansen sin tur nordover.

– Det blir nok ei fin erfaring for Kjetil. Han får ny input og kjenna på nivået som krevst i eliteserien, seier Hetlevik.

Sist Hansen stod i mål for Lysekloster, var borteoppgjeret mot Sotra, som enda med eit 2-1-tap. Dei to siste kampane er det Thomas Hille som har stått i mål for munkane.

– Kva er årsaka til keeperskiftet etter Sotra-kampen?

– Det er rett og slett konkurransesituasjonen vi har i klubben. Dei er to ulike keeperar, med ulike styrkjer og svakheiter. Eg fann at det var best å gå for Hille i dei to siste kampane, seier Hetlevik og held fram:

– At vi har to så solide keeperar, er eit luksusproblem. Det er ein stor styrke. Det er ikkje mange som er så heldige. Dei knivar så tett at vi er der at form, treningsveker og prestasjonar er avgjerande. Utfordringa for begge er at dei må halda på tryggleiken sjølv om dei er i ein utsett posisjon og begge har lyst til å stå. Både Hansen og Hille kjem garantert til å utvikla seg som følgje av konkurransen dei i mellom.