Det er overraskande bra tilslag i skotføtene til dei unge fotballentusiastane på Ådlandsfjorden Idrettslags fotballskule. Instruktør og keeper Alexander Eikeland fekk køyrt seg.
Det er overraskande bra tilslag i skotføtene til dei unge fotballentusiastane på Ådlandsfjorden Idrettslags fotballskule. Instruktør og keeper Alexander Eikeland fekk køyrt seg.

Skot-villige 2. klassingar

Keeper og instruktør Alexander Eikeland fekk bryna seg då 2. klassingane hadde avslutningstrening på Ådlandsfjorden ILs fotballskule.

Seks 2. klassingar står klar med kvare sin ball for å testa ut keeperferdigheitane til Eikeland.

- Skyt!

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er overraskande bra tilslag i skotføtene til dei unge fotballentusiastane, og fleire får nettsus.

- Kor mange baller slapp du forbi deg?

- Vanskeleg å seia. Det gjekk ganske fort, men eg trur 80 prosent skåra, ler Eikeland, som var instruktør for 2. klassingane onsdag.

Varierte øvingar

Fotballskule-elevane var inndelt i grupper ut i frå alder, og 2. klassingane var så heldige at dei fekk boltra seg i ballbingen. Resten av elevane delte grusbanen.

- Kva skal de gjennom i løpet av dagen?

- No held me på med skot- og pasningsøvingar. Etterpå skal dei øva på å halda kontroll på ballen. Etter lunsj skal eg dela dei i to lag, for kamptrening, seier Eikeland.

Ådlandsfjorden ILs fotballskule vert arrangert for tredje året på rad, men det er første gong Eikeland er med som instruktør. Han såg ut til å kosa seg nesten like mykje som borna.

- Dei er ein kjempefin gjeng. Eg har sjølv spelt fotball i mange år, og sjølv om det er min debut som instruktør, tror eg at eg har litt å fara med, seier Eikeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fekk ein ball i planeten

På grusbanen var det stor aktivitet.

Det er ikkje unormalt at nokon får seg ein smell eller to i løpet av nokre dagar med hektisk fotballaktivitet. Då underteikna var på fotballskulen i Nore Fusa i 2013, var det ein gut som fekk ein ball midt i planeten. Onsdag fekk me ein reprise av den hendinga, men denne gong var det ein instruktør som fekk unngjelda. Då underteikna var på veg ut av ballbingen, slo instruktør Robert Næss ei hard langpasning over til motsett sida av banen. Pasninga trefte instruktør Julie Schjølberg i andletet.

- Gjekk det bra?

- Ja, det gjekk greitt, seier ho med tårer i augo, men med eit smil om munnen.

Næss sprang over banen og unnskylte seg. Det er godt når det går bra, og i ettertid vart situasjonen heller komisk enn traumatisk.

Armhevingar og strafferundar

Borna i femårsklubben og 1. klasse hadde mest fokus på pasningar, og lite på spel. Nokre såg på det å liggja seg ned og slappa av, eller å grava i grusen, som eit betre alternativ. Dei eldste spelte fotballtennis, og taparlaget fekk strafferundar rundt banen. Då dei var delt inn i tre lag, måtte det eine laget spela i boks, med ein i midten, medan dei venta. Boksen var vel stor, tykte underteikna.

- Dei må jo ha god oppvarming, seier instruktøren og smiler.

- Det er også fordi ferdigheitene varierer, og det er naudsynt med litt rom å boltra seg i.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei mellomste trente på straffespark då «Os og Fusaposten» var innom. Dei som bomma måtte ta ein armheving. Det var nok ikkje mykje til straff for borna, for når dei såg kameraet, var det fleire som kasta dei seg ned, uansett om dei hadde skåra eller ikkje.

- Ta bilete av meg då! Eg skåra eigentleg. Kjem eg i avisa no? seier ei jente, og smiler lurt.

- Du får venta i spenning, og følgja med både på internett og i avisa!