Snart har me ein verdsmeister frå Os

Sverre Lunde Pedersen moste Kramer og dei andre konkurrentane på 1.500. Før kveldens 10.000 m har han 16 sekund på til den ni-dobbelte verdsmeisteren.

Sven Kramer gjorde ein bra 1.500 m, men såg noko stiv og støl ut då han gjekk i mål til tida 1,50,62. Sverre Lunde Pedersen var maskin, køyrde rundetidane ned, knuste makker Patrick Roest og gjekk i mål til suveren siger på distansen med 1,48,34.

Sverre slo altså sin argaste konkurrent, Sven Kramer, med 2,28 sekund. Med det har osingen 16 sekund å gå på på 10.000 meter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alt tyder altså på at Sverre kan bli verdsmeister. Ein skal aldri ta gledane på forskot, men det er mykje som skal gå galt om ikkje Sverre joiner "verdsmeisterklubben" til kompis Håvard Holmefjord Lorentzen i løpet av søndags kvelden.

– Veldig bra løp, var på hugget heile  vegen. Men 10.000 er eit heilt nytt løp, så eg må vera skjerpa, sa Sverre til NRK etter løpet.