Tok sølv: Sølv i VM er ein kjempeprestasjon. Gratulerer, Sverre!

Sølv til Sverre i VM på heimebane!

Sverre Lunde Pedersen tok sølv i VM allround på heimebane.

Osingen låg på andreplass etter tre distansar og hadde vel 11 sekund å ta att på parkamerat og nederlender Patrick Roest. Det viste seg fort å vera for mykje mot Roest, som har vore i kjempeform gjennom meisterskapen.

Løpet utvikla seg etter kvart til ein real kamp for osingen for å halda på sølvmedaljen. Lunde Pedersen hadde fire sekund til gode på Ichinohe med tre rundar att. Med 600 meter att var differansen på 2,6 sekund. Men Pedersen klarte å halda unna mot slutten og tok eit sterkt sølv på heimebane i Vikingskipet, med eit naudskrik.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blei ein thriller, konstaterte kommentatorane etter målgang.

– Ein siger for Sverre etter den sesongen han har hatt, sa Håvard Bøkko som skrytte av innsatsen osingen har gjort inn mot meisterskapen.

Gratulerer med sølv, Sverre!

Roest tok sitt tredje allround-gull på rad.