Espen Rognsvåg er strålande nøgd med å ha fått ein kapasitet som Håvard Austevoll til Os Orienteringsklubb.
Espen Rognsvåg er strålande nøgd med å ha fått ein kapasitet som Håvard Austevoll til Os Orienteringsklubb.

Sterk nysignering for Os OK

Os Orienteringsklubb veks seg stadig sterkare. Nyleg fekk Espen Rognsvåg med seg kameraten Håvard Austevoll.

Den nyutnemnde sportslege leiaren av Os Orienteringsklubb er glad for å ha styrka klubben med ein såpass sterk løpar.

- No gjeld det berre å læra han å orientera, skjemtar Rognsvåg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Åh, eg er no ikkje så verst til det heller. Eg slo no deg på siste etappen under Kompisstafetten på Gullbotn i helga, repliserer ein lattermild Austevoll.

Gode treningspartnarar

Kalandseidet-guten Austevoll har i mange år vore blant dei beste motbakkeløparane i sin årsklasse her på Vestlandet. I mange år har han trena mykje med fleire i Opptur Motbakkeklubb. I tillegg har han altså trena ein del med kompisen Espen.

- Det er kjekt å få Håvard med i klubben. Han kjem til å springa for oss ein gong i blant. Det set me stor pris på, seier Espen.

Nikolai Pontoppidan var Os OK sin yngste utøvar.
Nikolai Pontoppidan var Os OK sin yngste utøvar.
Espen Rognsvåg og Håvard Austevoll i den 15 km lange skogsløypen på Gullbotn.
Espen Rognsvåg og Håvard Austevoll i den 15 km lange skogsløypen på Gullbotn.

Men litt sporadisk vert det. Spesielt etter at Austevoll snart gjer siddis av seg.

- Eg har kjøpt leilegheit i Stavanger, men kjem nok ofte til å vera heimom i gamletraktene - ikkje minst for å konkurrera litt, smiler Austevoll.

Ung og eldre

I helga gjorde han ein fin debut då Os OK stilte med heile tre lag i Kompisstafetten på Gullbotn.

- Det var ein ny milepåle for klubben. Det var mange som var imponerte over at me stilte med så mange, fortel Tommy Sævareid i Os OK.

Totalt 15 var dei. Beste Os-lag vart nummer 17. Deretter følgde Os 2 på 24. plass, medan Os 3 vart nummer 26.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var fem etappar på kvar utøvar, med 15 km i luftlinje og monaleg med høgdemetrar å klatra inne i skogen. Vinnarar vart Gular sitt førstelag, fortel Sævareid.

Han fortel at det var stor skilnad i alder på Os OK sin yngste og eldste deltakar.

- Det er 60 år mellom Nikolai Pontoppidan som er yngst og Rolf Nord som var eldstemann. Det må ein seia er eit bra aldersspenn, konstaterer Sævareid.