Travel familiemann, i ein krevjande og spanande jobb. Likevel tek han fatt på eit nytt år med fire fotballøkter i veka, pluss langreiser til bortekampar.
Travel familiemann, i ein krevjande og spanande jobb. Likevel tek han fatt på eit nytt år med fire fotballøkter i veka, pluss langreiser til bortekampar.

Stian Lunde: Familiefar, lærar og "Mr. Os"

Stian Lunde har planlagt alt i livet utifrå fotball. Les portrettet med Os-kapteinen som ikkje klarte å gje seg likevel.

Saka stod første gong på trykk i februar i fjor.

Kjærleiken til fotball kom tidleg. Då han var 5 år, stod han og nappa i jakka til ein Søfteland-trenar i håp om å få delta på fotballtreninga. Det fekk han ikkje. Han var ikkje gamal nok. Men han fekk lovnader om å få vera med når han var fylt seks viss han framleis var like interessert.

Eitt år seinare var Stian tilbake:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Hugsar du kva du lova meg? spurte han trenaren.

Slik byrja fotballkarrieren til Lunde, som etter kort tid i Søfteland gjekk vidare til Jadakameratene, kor han spelte til han var andreårs smågut. Så kom overgangen til Os, som ikkje var heilt enkel for den talentfulle guten.

- Det var tøft å koma inn i Os. Me var ein liten gjeng i Jadakameratene. Os er mykje større. Eg fekk mange nye utfordringar, og det var nytt for meg å sitja på benken til tider, seier Lunde.

15 sesongar som Os-spelar

Etter kort tid spelte han seg inn på laget. Resten av historia er kjent for alle fotball-interesserte osingar. Os-bautaen er no inne i sin 15. sesong i klubben. Det har likevel ikkje mangla på tilbod frå større klubbar, som Løv-Ham og Fana. Han har òg spelt ein kamp for Brann, då talent frå Hordaland vart samla på Brann for å spela mot Hartlepool.

- Eg har alltid likt trygge omgjevnader, og har ikkje hatt lyst til å ofra meir tid. Om eg skulle ha satsa på fotballkarrieren, burde eg ha gjort det i ung alder. Dessutan har Os Turn gjort mykje for meg, og lojalitet er noko eg set høgt, seier Lunde.

Inga sydame

Alt då han var 12 år bestemte han seg for at gymlærar var yrket for han. No er han lærar ved Os barneskule.

- Eg innsåg ganske fort at gymlærar var litt for snevert. No underviser eg i matte, kroppsøving, naturfag og RLE. Eg har òg teke del i nokre kunst og handverk-timar, men då har eg hatt ansvar for IKT-biten. Trur ikkje det hadde gått så bra om eg hadde tatt del i "sy-greier", seier Lunde.

Han har alltid hatt lyst til å jobba med born, og jobben er like gjevande som han hadde sett føre seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ingen dagar er like. Det er det som gjør denne jobben så spanande, seier Lunde.

Som elev var han først ute i friminutta, og strekte dei lengst mogleg. Konkurranseinstinktet var like sterkt i skulen som det er på fotballbanen.

- Konkurranseinstinktet kom spesielt fram då mattelæraren hadde tidsprøver på multiplikasjonstabellen. Eg brukte eit utal timar i helga for å bli raskast. 120 multiplikasjonstykke på 1.58 blei resultatet av øvinga som 12-åring, seier Lunde.

Dessutan var han alltid først oppe med armen for å svara på spørsmål, og alltid ute etter hovudrolla i skodespel. Han vil takka mamma for at han klarte seg godt på skulen.

- Ho følgde meg opp, og tvang meg til å gjera leksene før eg fekk gå på fotballtrening. Det har vore uendeleg med tårer, men eg hadde berre godt av det, seier Lunde.

Besteforeldra trør til

Os Turn har blitt som ein familie for midtbanestrategen. Men på heimebane har han sin eigen. Kona, Maria Stangeland Lunde, har også ei lang karriere i Os Turn, som handballspelar. Saman har dei to gutar som i travle tider ser mykje til "gode naboar".

- Me er heldige som har foreldra vore som nære naboar. Dei hjelper til om me treng dei, seier Lunde.

Men gutane er òg med på treningar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er viktig å få borna med i idretten. Då er dei aktive, samstundes som dei får eit stort nettverk. Spesielt eldstemann liker å vera med på trening. Augo hans lyser opp når eg tek han med inn i garderoben, seier Lunde.

Lite tid med familien er hovudgrunnen til at ønsket om å trappa ned har meldt seg dei siste åra. I tillegg har han gått glipp av mykje tid saman med

vener.

- Eg har gått glipp av mange 30-års-dagar og liknande. Ofte har eg kome for seint òg. Men eg angrar ikkje på vala mine, seier Lunde.

Tøffe tak

Frå ein lang fotballkarriere er det mange historier å fortelja. Lunde er usikker på kva historie han skal dra fram. Det er trass alt ikkje alt som eignar seg på trykk. Etter mildt press deler han ei historie, dog utan å nemna namn.

- Det har gått hardt for seg på trening nokre gonger. Eg hugsar ein episode der to lagkameratar rauk i tottane på kvarandre. Etter litt røff behandling frå den eine, svarte han andre med ei "tofots-takling" i ryggen. Etter litt slåssing blei dei sendt i garderoben. Me frykta kva som venta oss etter trening, men då sat dei i garderoben og skratta. Uansett kva som skjer på trening, er alle gode vener etterpå, seier Lunde.

Tøffe tak til trass, fotballtreningar og kampar har alltid vore Stians måte å kopla heilt ut på.

- Eg har jobben i hovudet heile dagen, bortsett frå når eg er på fotballtrening. Då vert alt kopla ut, seier Lunde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Siste sesongen

Det har vore mykje att og fram om kva tid Os-karrieren skal ta slutt.

- Os har slite dei siste åra. No går me i riktig retning med nytt styre og fokus på det sportslege. Det er viktig at fleire rutinerte er med vidare, og at klubben har henta nye spelarar. Det gjorde at eg sa ja til endå ein sesong, seier Lunde.

Sjølv om han har sagt det tidlegare, så understrekar midtbanestrategen at dette er den aller siste sesongen.

- Neste sesong kjem eg til å spela for Søre Neset med kameratgjengen min. Då får eg meir tid til familien. Eg kjem til å gje og ofra alt for å avslutta Os-karrieren med stil, seier Lunde.

FEM KJAPPE:

- Kven er fotballidolet ditt?

- Tore André Flo. Eg har draktene hans frå alle klubbane han har spelt i sidan Chelsea. Han har til og med brukt nokre av dei, og signert dei. Før den tid var det nederlendaren, Marco Van Basten. Av spelarar som er aktive i dag, er det Steven Gerrard på Liverpool. Ein vinnarskalle, som har vore tru mot klubben sjølv om han har hatt tilbod frå andre.

- Favorittlag utanom Os?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Brann, sjølvsagt. Tottenham er laget mitt i England. Så ein kan trygt seia at eg er van med motgang.

- Beste medspelar i Os-karrieren din?

- Det er mange å velja i. Eg får vel svara Jørn Vegard Berge sidan han er trenaren min no. Heilt oppriktig så er han ein av dei beste eg har spelt med. Det var umogleg å ta ballen frå han, og på nokre treningar audmjuka han oss. Og så vil eg nemna Jan Frode Skeie. Ein mann med stor M.

- Verste motspelar?

- Anders Berntsen, for han var så vond å skubba seg på. Han var ikkje ein rå eller stygg spelar, men han var så "beinete". Ein skulder til skulder duell med han gjorde skikkeleg vondt.

- Høgdepunkt i karrieren så langt?

- Då må eg nemna fleire.

1. Då me spelte mot Vålerenga i cupen. Om lag 3.000 tilskodarar på tribunen, og me gjorde ein veldig god kamp.

Artikkelen held fram under annonsen.

2. Dei to opprykka som blei avgjort i siste sekund, mot Hovding og Austevoll. Det vert heilt spesielt når ein ikkje er sikra opprykket før dommaren bles i fløyta for siste gong.

3. Kampen mot Lysekloster på Kuventræ i fjor. Opp mot 1.500 tilskodarar, fint vêr, og ein kamp det hadde vore snakka om på bygda heilt sidan terminlista blei offentleggjort.

Medspelarar og trenarar om Stian Lunde:

Tore Nielsen, tidlegare Os-trenar.

Stian er eit forbilde for alle. Han er ein av dei beste spelarane eg har hatt i alle mine år som trenar. Kjekt å høyra at han tar eitt år til i Os. Det er utruleg viktig for klubben. Eg kan ikkje skryta nok av han.

Tim Henrik Sperrevik, tidlegare medspelar og trenar.

Det er vel den 15. sesongen hans i Os. Han har vore ein trufast slitar i ein halv generasjon. Ein godt likt person som gir 100 % i kamp og trening, samstundes som han tilfører mykje til garderoben. Han tek godt vare på alle rundt seg. Ein stor profil for Os-fotballen!

Øyvind Nordtveit, tidlegare trenar.

Kjernekar er vel det som beskriv Stian best. Ein veldig bra spelar som kunne nådd lenger enn Os, og har hatt høve til det, men alltid blitt verande. Det seier litt om lojaliteten hans. Alltid seriøs og godt trent. Ein draumespelar for ein trenar, og populær blant lagkameratar. Det er ikkje utan grunn at han vert kalla for "Mr. Os".

Torkel Hjertnes, lagkamerat.

Stian er alltid blant dei første som bidreg, om det så er ball-leiting, rydding eller å hjelpa til med organisering. Som person er han høgt verdsett. Omtenksam, alltid i godt, smittande humør og med god humor. På banen er han ein klassisk "boks til boks spelar" med eit enormt driv. Han er den spelaren som har slått flest tunellar på trening opp gjennom åra, men framleis ikkje på meg.

Tore Valvik, tidlegare lagkamerat.

Stian er påliteleg og audmjuk. Ein veldig fin fyr, ven og medspelar. Han har alltid gått framfor med eit godt eksempel. Me har spelt side om side på midtbanen over lang tid, og han har alltid vore på riktig plass til riktig tid, særskilt når det kjem til å scora mål. Alle lag treng ein Stian Lunde.