Strandvik med fire spelarar på regionslaga
To gutar og to jenter frå Strandvik er med når to samansette U16-lag frå Hordaland i helga skal måla krefter mot andre regionar i Noreg.
Markus Mol, Magnus Tuft Soltvedt, Maria Åsmul og Terian Kaelo er dei fire representantane som skal tevla om medaljar i NM.
- Uttaket er basert på prestasjonar i løpet av sesongen. Dei fire tok gull i NM i Kristiansand i sommar. Det blei nok lagt merke til, seier Merita Mol.
Artikkelen held fram under annonsen.
Får sjå cupfinalane
Spelarane frå Strandvik skal saman med spelarar frå Gneist, TIF Viking, Strand-Ulv og Rossvoll tevla om topplasseringane i regions-NM.
- Strandvik er godt representerte med fire spelarar. Vi er kjempenøgde med det. Dei har verkeleg stått på for å klara det. Flinke spelarar som trener godt, seier Mol.
Rosina i pølsa er at dei får sjå herrane og kvinnenes cupfinale laurdag.
- Alle spelarane får billett til kampen. Det er stas for dei. Dei skal sjølv spela fredag og laurdag, før dei ser finalane på ettermiddagen. Søndag ventar finalespelet i U16-NM, seier Mol.
Håpar på livestream
Det blir nok ingen stor delegasjon som reiser frå Strandvik, men ein del av familiane kjem nok til å ta turen.
- Vi håper at dei kjem til å streama turneringa. I det minste finalane. Dei har blitt flinkare til å gjera det. Vi håper å kunna sjå det på TV, seier Mol.